Slaget ved Westerplatte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slaget ved Westerplatte, 1. - 7. september 1939 stod mellom den polske garnisonen på Westerplatte og invaderande tyske styrkar. Dette var det første slaget under andre verdskrigen og markerte innleiinga til felttoget i Polen i 1939.

Den 1. september kl. 04.45 lokal tid starta det tyske slagskipet «Schleswig-Holstein» å bombardere den polske garnisonen samstundes som tyskarane byrja invasjonen av Polen. Dette vart etterfylgd av eit åtak frå tyske marinesoldatar, som vart slått tilbake. To forsøk til frå dei tyske soldatane vart slått tilbake seinare på dagen. I løpet av dei neste dagane bombarderte tyskarane stadig Westerplatte med sjøartilleri og tungt feltartilleri, samt stupbombing av Junkers Ju 87 Stuka-fly. 3500 tyske soldatar vart slått tilbake av dei 180 polske soldatane i sju dagar. 7. september valde major Henryk Sucharski å overgje seg på grunn av lite ammunisjon og av di han innsåg at han ikkje kom til å få hjelp frå den polske hæren. Som eit teikn på ære lét den tyske kommandanten, general Eberhardt, major Sucharski å få behalde offiserssverdet sitt medan han var fange.