Slaget ved Wijnendale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Wijnendale
Del av den spanske arvefølgjekrigen

Veggmåleri som syner slaget ved ved Wijnendale (1708) i Blenheim-palasset, bustaden til hertugen av Marlborough, som i framgrunnen viser ein alliert konvoi, og til høgre Wijnendale slott.
Dato 28. september 1708
Stad nær Wijnendale, i dagens Belgia
Resultat allierte siger
Partar
 Storbritannia
 Dei sameinte Nederlanda
 Frankrike
 Spania
Kommandantar
Det britiske flagget John Richmond Webb Flagget til Frankrike Comte de la Mothe
Styrkar
7 500 22 000-24 000
Tap
900 3 000-4 000
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Slaget ved Wijnendale var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen utkjempa den 28. september 1708 nær Wijnendale i Flandern, mellom ein alliert styrke som verna ein konvoi for omleiringa av Lille i 1708 og styrkar frå Frankrike og Spania. Det enda med ein siger for dei allierte, noko som førte til at dei kunne ta Lille.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter den store sigeren i slaget ved Oudenaarde (11. juli 1708), valde Marlborough og prins Eugene av Savoie å omleire Lille. Men Lille var særs godt forsvart av moderne festningsverk utforma av Vauban med ein garnison på 16 000 mann. Den allierte kringsetjinga gjekk ikkje så godt som planlagt og dei mangla ammunisjon. For å gjere ting verre hadde forsyningslinjene frå aust vorte avskoren av franskmennene, så den einaste gjenverande forsyningslinja var med skip frå England til hamna i Ostend, om lag 75 km frå Lille.

Marlborough bestilte dei naudsynte varene til Ostend med skip og ein stor konvoi på 700 langsame vogner vart organiserte frå der og vidare over land til Lille. Konvoien var verna av 6000 infanteristar og 1500 kavaleristar kommandert av generalmajor John Richmond Webb.

Kommandanten for den franske garnisonen i Brügge, Comte de la Mothe, fekk melding om konvoien og samla ein styrke på 22 til 24 000 mann mot Wijnendale for å hindre konvoien.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slagplanen for slaget ved Wijnendale (1708) trykt av Eugène Henri Fricx i Brussel.
Ei grav i Sint-Walburga-kyrkja i Brügge til Michael Ceva Grimaldi, ein spansk offiser frå Napoli, som mista livet i slaget, 30 år gammal.

Webb var klar over den framrykkande franske armen og visste at det var umogeleg å unngå ein konfrontasjon. Han la så ein plan for å kompensere for den talmessige ulempa han hadde. Ved å nytte skoglandskapet kring Wijnendale, nytta han eit ope område, som hadde skogar og hekkar på begge sider. Han plasserte soldatane sine i to lange linjer, som lukka dette opne området. Seinare vart ei tredje linje sett opp med forsterkingar frå Oudenburg. Samstundes, bak desse linjene, heldt konvoien langsamt fram mot Lille.

Medan Webb sette ut soldatane sine, dreiv prøyssiske generalen Carl von Lottum, med berre 150 kavaleristar, småtrefningar med den komande franske armeen, og gav Webb verdifull tid, og hindra de la Mothe å samle informasjon om terrenget og planane til dei allierte.

Då de la Mothe nådde fram til det opne området venta han ein lett siger, og sette ut armeen sin som venta. Mellom kl. 16 og 17 opna det franske artilleriet eld. Då de la Mothe såg at effektane på fienden var små, gav han ordre til infanteriet om å rykke framover. Den store franske styrken vart hindra av det smale terrenget og vart hard råka av eld frå den allierte førstelinja, som heldt stand. Då gav Webb ordre til dei prøyssiske, hannoveranske og nederlandske regimenta som låg gøymd i skogen på begge flankar, om å opne eld. Trass i store tap, gav de la Mothe ordre om eit nytt åtak, som til slutt vart pressa attende av den allierte førstelinja. Ved hjelp av den andre linja og kontinuerleg eld frå flankane, vart franskmennene stoppa og måtte trekkje seg attende og forlate slagmarka.

Då slaget var så godt som vunne, gjekk det allierte kavaleriet kommandert av William Cadogan til slagmarka. Han vart send frå Lille av Marlborough, som var uroa for konvoien.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Tapa etter det to timar lange slaget var store: 3000 til 4000 franskmenn og spanjolar vart drepne eller skadde. Dei allierte mista 900 mann som anten mista livet eller vart skadde.

Konvoien nådde Lille intakt den 29. september, og omleiringa kunne halde fram. Tre veker seinare, den 22. oktober, kapitulerte byen.

Av politiske årsaker gav Marlborough først William Cadogan æra for sigeren, som òg høyrte til Whig-partiet. Men Webb fekk sidan den heile æra og vart takka av parlamentet for handlinga si, og året etter vart han forfremma til generalløytnant. Av denne årsaka fekk Marlborough Tory mot seg frametter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Wijnendale» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2011.
  • Relation de l'Action qui s'est passée à Wynendale le 28. de Septemb[re] 1708. entre un Corps de Troupes des Alliés, commandé par le-dur-General Webb, & l'Armée des François, commandée par le Comte de la Motte, Brussel, Eugène Fricx, 1708.
  • Winston S. Churchill, Marlborough: His Life and Times. Book Two, The University of Chicago Press, 2002, Chap. XXVI: Wynendael.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]