Slaget ved Wilhelmstahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Wilhelmsthal
Del av Sjuårskrigen

Kart over hertug Ferdinand av Braunschweig sine felttog i 1762, Berlin 1872
Dato 24. juni 1762
Stad Wilhelmsthalborga nær Calden, nordvest i Tyskland
Resultat Alliert siger
Partar
 Storbritannia

 Preussen
 Hannover
Braunschweig
Hessen-Kassel

 Frankrike
Kommandantar
Hertug Ferdinand of Brunswick
Prince de Soubise og Duc d'Estrées
Styrkar
50 000 70 000
Tap
707[1] over 1500 drepne eller skadde
fleire tusen fangar
Sjuårskrigen: Europa
MenorcaLobositzReichenbergPrahaKolínHastenbeckGross-JägersdorfMoysRochefortRossbachBreslauLeuthenRheinbergKrefeldDomstadtlCherbourgZorndorfSaint CastTornowLutterbergHochkirchBergenKayMindenKunersdorfHoyerswerdaFrisches HaffMaxenMeissenLandeshutKorbachEmsdorfWarburgLiegnitzKloster KampenTorgauVillinghausenKolbergWilhelmstahlBurkersdorfLutterbergAlmeidaKasselFreiberg

Slaget ved Wilhelmsthal (stundom skrive Slaget ved Wilhelmstadt) vart utkjempa den 24. juni 1762 under sjuårskrigen mellom dei allierte styrkane til Storbritannia, Preussen, Braunschweig og Hessen, kommandert av hertugen av Braunschweig mot Frankrike. Frankrike truga Hannover, så dei allierte forflytta seg rundt franskmennene, omringa invasjonsstyrken og tvinga dei attande. Det var den siste store kamphandlinga med styrkane til Braunschweig før freden i Paris som avslutta krigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frankrike hadde prøvd fleire gonger å invadere og overta Hannover sidan 1757, og håpte å okkupere kurfyrstedømet og nytte det som forhandlingsobjekt i byte mot franske koloniar som britane hadde erobra. Dei allierte under hertugen av Braunschweig hadde hindra dei å ta Hannover og i 1762 då franskmennene rekna med at krigen snart var over, prøvde dei eit siste forsøk på å slå Braunschweig og okkupere Hannover.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand hadde rykt fram og omgått franskmennene på begge flankane, og nesten omringa dei. Eit åtak på det franske senteret kommandert av Stainville var særleg effektivt, og ein kolonne gjekk til åtak mot fronten, medan ei anna gjekk til åtak bakfrå, og påførte franskmennene eit tap på 1500 mann,[2] og tvinga fleire regiment til å overgje seg.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Resultatet vert sett på som ein siger for dei alliere styrkane. Det enda det siste franske håpet om okkupere Hannover før våpenkvilen og Paris-traktaten enda krigen. Dei engelsk-tyske styrkane rykte fram og erobra Kassel i november, men då hadde dei første fredsavtalane alt vorte underteikna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Savory, Reginald, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, p.375.
  2. Savory, Reginald, His Britannic Majesty's Army in Germany During the Seven Years War, Oxford University Press, 1966, s.373.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]