Slaget ved Zenta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Zenta
Del av den store tyrkiske krigen og osmansk-habsburgske krigar
Battle of Zenta.png
Dato 11. september 1697
Stad Zenta i Segedin sanjak i Det osmanske riket (i dag Vojvodina i Serbia)
Resultat Avgjerande siger til Den heilage ligaen
Partar
Den heilage ligaen:

Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
War Flag of Hungary.svg Kongedømet Ungarn[1][2]

22px Det osmanske riket
Flag of Hungary.svg Kuruc-motstand
Kommandantar
Eugene av Savoie Sultan Mustafa II,
Elmas Mehmed Pasha 
Styrkar
34 000 infanteristar,
16 000 kavaleristar,
60 kanonar
80 000+ mann,
90+ kanonar
Tap
429 menn drepne,
1598 skadde[3]
30 000 mann drepne,
87 kanonar tekne

Slaget ved Zenta eller Slaget ved Senta vart utkjempa den 11. september 1697 like sør for Zenta (serbisk Senta, i dagens Serbia), på austsida av elva Tisza, og var eit stort slag i den store tyrkiske krigen (1683–1699) og eit av dei mest avgjerande nederlaga i osmansk historie. I eit overraskande åtak, utsletta habsburgske keisarstyrkar den osmanske armeen som var i ferd med å krysse elva. Med eit tap på berre nokre hundre mann, påførte keisararmeen osmanarane eit tap på kring 30 000 mann, medan resten vart spreidd. Som følgje av slaget mista Det osmanske riket kontroll over Bosnia, men i det lange løpet var sigeren til habsburgarane ved Zenta eit avgjerande steg som pressa Det osmanske riket til freden i Karlowitz (1699), som stoppa den osmanske kontrollen over store delar av Sentral-Europa. Etter denne avtalen, vart det habsburgske Kongedømet Ungarn gjort større og omfata landområde som ein gong hadde høyrt til det mellomalderske Kongedømet Ungarn (på 1500-talet vart kongedømet Ungarn delt mellom Habsburgmonarkiet (sjå Kongelege Ungarn), Det osmanske riket (sjå Osmansk Ungarn) og Det austungarske kongedømet med senter i Transilvania).

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter at den habsburgske hovudstaden vart redda med slaget ved Wien i 1683, hadde Austerrike stor suksess, og i 1688 var Beograd og det meste av Den pannoniske sletta okkupert av habsburgarane. Men sidan krigen mot franskmennene kravde fleire soldatar, og den nye storvesiren omorganisert og gav nytt liv til den osmanske hæren, enda suksessen. Beograd vart gjenerobra av osmanarane i 1690 og felttoget året etter vart stort sett uavgjort.

Austerrikarane vart leia av prins Eugene av Savoie, som for første gong hadde sjølvstendig kommando, og det vart det første av ei rekkje spektakulære felttog for prinsen.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Opningsmanøvrar[endre | endre wikiteksten]

Prins Eugene vart øvstkommanderande for den ungarske hæren den 5. juli 1697. Armeen hans bestod av 70 000 mann, men berre 35 000 var klare for kamp. Krigskassa var tom, og Eugene måtte låne pengar for å betale løn og opprette eit fungerande medisinsk apparat.

Slaget ved Zenta. Kart frå 1600-talet.

Den habsburgske armeen bestod av tyske, austerrikske og ungarske infanteri- og kavaleristyrkar (om lag 7 000 soldatar).[4] Takket vere pfalzgreve Paul Eszterházy, kjempa Ungarn i dei osmansk-habsburgske krigane med 20 000 soldatar.[5] Lettkavaleri frå Serbia tok òg del i koalisjonen,[6] samt einingar av lokale kroatar og serbarar som var ein del av dei austerrikske einingane.[7]

Då meldingane kom om at sultanen og armeen hans var i Beograd, valte Eugene å sende alle tilgjengelege soldatar frå Øvre Ungarn og Transilvania og starta å flytte soldatane sine mot Petrovaradin. Etter dette hadde Eugene ein arme på 50 000 til 55 000 mann mot osmanarane. Den 18. juli, i landsbyen Kolut, mønstra Eugene styrkane sine. Han drog med styrkane sine til Petrovaradin via Sombor.[7] I løpet av august baud Eugene til slag i området nær festninga til Petrovaradin, men osmanarane som prøvde å starte ei kringsetjing, nekta å gå til slag. I september flytta osmanarane nordover i eit forsøk på å erobre festninga i Szeged og keisararmeen følgde etter.

I den osmanske armeen under Imre Thököly var det nokre få Kuruc-kavaleristar, som hovudsakleg kjempa side om side med austerrikarane. Thököly leia det osmanske kavaleriet i slaget.[8]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Etter at Cafer Pasha (Djafer Pasha) vart erobra av keisarkaveleriet, gav sultanen opp planen om å kringsetje Szeged og valte å vende attende til vinterkvarter nær Timişoara. Då Eugene fekk vite om denne rørsla, valte han å tvinge fram eit slag.

Den 11. september 1697 prøvde den osmanske armeen å krysse elva Tisa (Tisza, Theiß) nær Zenta (Senta), og visste ikkje at keisararmeen var i nærleiken. Keisararmeen klarte derfor å ta fienden fullstendig på enga og gjekk til åtak medan osmanarane kryssa elva. Etter eit intensivt artillerbombardement gjekk mange av dei habsburgske dragonane av hestane og gjekk fram til vollen som omringa den osmanske leiren, der dei utveksla skot med fienden. Dei osmanske soldatane bak skyttargravene trekte seg i stor uorden til brua, men det vart for trongt om plassen. Det austerrikske artilleriet sikta seg inn på dei osmanske soldatane og massakrerte dei. Venstreflanken til keisararmeen gjekk til åtak, kom seg mellom den osmanske venstreflanken og brua og skar av fluktruta deira. Samstundes gjekk keisarstyrkane til åtak frå fronten og etter ein vill nærkamp, braut habsburgarane gjennom grøftene kring den osmanske leiren. Inne i leiren var nedslaktinga frykteleg. Keisarsoldatane gjekk ubøyeleg til åtak. Berre om lag tusen osmanske soldatar kom seg unna. Meir enn 10 000 osmanske soldatar drukna i Tisa og opp mot 20 000 osmanske soldatar vart massakrerte på slagmarka.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Monument for slaget i Senta i Serbia

Slaget var ein utruleg siger for Austerrike. Dei hadde sjølv berre tapt kring 500 mann, medan osmanarane hadde tapt 30 000 mann og dei tok haremet til sultanen, 87 kanonar, skattekista og statsfanen til Det osmanske riket. I følgje Prinz Eugen (1960, biografi) av Alexander Lernet-Holenia, tok austerrikarane til og med ei rekkje kamelar. Den osmanske armeen vart spreidd og austerrikarane fekk full kontroll over Bosnia, der Sarajevo vart plyndra.

Med vilkåra i freden i Karlowitz i 1699, tvinga austerrikarane sultan Mustafa II til å gjere fred med keisaren og avstå Transilvania og dei osmanske eyaletane Buda, Eger og Kanizsa, som seinare vart omgjort og integrert i dei habsburgske provinsane Fyrstedømet Transilvania, Kongedømet Ungarn, Kongedømet Slavonia og Militærgrensa.

Mange av keisarsoldatane fekk løn etter det blodige slaget. John de la Feld (som leia slaget for prins Eugene) vart etter slaget greve i Det tysk-romerske riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liptai Ervin: Magyarország hadtörténete (Military history of Hungary), Zrínyi Katonai Kiadó (Zrínyi Military Publisher), Budapest 1985. ISBN 9633263379
  2. Magyarország története 1526-1686 (History of Hungary 1526-1686) 2. tome, Authors: Zsigmond Pach and Ágnes Várkonyi, Akadémia Kiadó (Akadémia Publisher), Budapest 1985. ISBN 963 05 09296
  3. K. K. Kriegsarchiv (Hrsg.): Feldzüge des Prinzen Eugen von Savoieen. Verlag des K. K. Generalstabes, Wien 1876, Band 2, s. 156.
  4. Military history of Hungary
  5. Csorba Csaba - Estók János - Salamon Konrád: Magyarország Képes Története (History of Hungary in Pictures), Magyar Könyvklub (Hungarian Book-Club), Budapest 1999. ISBN 9635489617
  6. Magyarország története 1526-1686 (History of Hungary 1526-1686) 2. tome, Authors: Zsigmond Pach and Ágnes Várkonyi, Akadémia Kiadó (Akadémia Publisher), Budapest 1985. ISBN 963 05 09296
  7. 7,0 7,1 Zvonik br.177/2009 Stjepan Beretić: Povijesni kutak - Slankamen i Senta, Accessed Nov 19, 2009
    "Po oslobođenju od Turaka Hrvati i Srbi su u Somboru... osnovali vojne jedinice... I u Senćanskoj bitci su sudjelovale somborske jedinice.
  8. Markó László: A Magyar Állam Főméltóságai (The Great Honours of Ungarn), Magyar Könyvklub (Hungarian Book-Club), Budapest 2000. ISBN 963-547-085-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Zenta

Koordinatar: source:dewiki 45°56′N 20°05′E