Slaget ved Boyne

Koordinatar: 53°43′23″N 6°25′01″W / 53.723°N 6.417°W / 53.723; -6.417 (battle site)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Slaget ved the Boyne)
Slaget ved Boyne
Del av den vilhelminske krigen i Irland

Måleri av slaget av Jan Wyck ca. 1693
Dato 11. juli 1690
Stad Nær Drogheda i Irland
Resultat Avgjerande vilhelminsk siger
Partar
Jakobinske styrkar Vilhelminske styrkar
Kommandantar
Jakob VII og II Vilhelm III av Oranien
Styrkar
25 000, inkludert:
-19 000 irske katolikkar
-6 000 franskmenn
36 000
Tap
~1500 forulukka ~750 forulukka
Den vilhelminske krigen i Irland
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick
Vilhelm III («Vilhelm av Oranien»)
Konge av England, Skottland og Irland, Nederlandsk statthaldar

Slaget ved Boyne vart utkjempa i 1690 mellom dei to rivaliserande tronpretendentane til den engelske, skotske og irske trona – den katolske kong Jakob og den protestantiske kong Vilhelm (som hadde avsett Jakob i 1688) – over elva Boyne nær Drogheda på austkysten av Irland. Slaget vart vunnen av Vilhelm og vart eit vendepunkt i det mislukka forsøket til Jakob på å ta attende trona. Ironisk nok var felttoget til Vilhelm mot Jakob støtta av økonomisk av paven.

Slaget fann stad 11. juli 1690. Styrkane til Vilhelm slo armeen til Jakob, som hovudsakleg bestod av ferske rekruttar. Slaget er eit av dei mest kjende i britisk-irsk historie og spelte ei stor rolle i historia til Oransjeordenen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Slaget vert rekna som det avgjerande møtet i krigen som hovudsakleg dreidde seg om at Jakob prøvde å ta attende trona til England og Skottland, noko som skjedde etter at det engelske parlamentet inviterte Vilhelm og dotter til Jakob, Maria, til å ta over trona. Slaget er ei viktig hending i kampen mellom irske protestantiske og katolske interesser.

I ein irsk samanheng var krigen ein sekterisk og etnisk konflikt, og på mange måtar ein reprise av den irske forbundskrigen 50 år tidlegare. For jakobittane vart krigen utkjempa for irsk suverenitet, religiøs toleranse for katolisismen og landeigarskap. Den katolske høgare klassen hadde mista nesten alle landområda sine etter erobringa til Cromwell, i tillegg til at dei mista rettane til å halde offentlege embetet, praktisere religionen sin og sitje i det irske parlamentet. Dei såg på den katolske kongen Jakob som ein måte å få attende desse rettane og slik sikre sjølvstendet til Irland frå England. Under Richard Talbot, 1. jarlen av Tyrconnel samla dei ein arme for å setje inn att Jakob etter den ærerike revolusjonen. I 1690 kontrollerte dei heile Irland bortsett frå provinsen Ulster. Dei fleste av soldatane til Jakob II ved Boyne var irske katolikkar.

For vilhelmittane var krigen om å oppretthalde det protestantiske og engelske styret i Irland. Dei frykta for liva sine og eigedomane sine om Jakob og katolikkane hans tok over styret i Irland. Særleg frykta dei ei gjentaking av det irske opprøret i 1641, som hadde vore prega av mange tapte liv. Protestantane kjempa derfor for Vilhelm III. Mange vilhelminske soldatar ved Boyne, inkludert det særs effektive kavaleriet, var protestantar frå Ulster, som kalla seg sjølv «inniskillingers».

Jakob VII og II
Avsett som konge av England, Skottland og Irland, av Godfrey Kneller, 1684

Dei to motståande armeane vart leia av dei to kongane personleg. Vilhelm III var både svigerson og nevø av kong Jakob II. Jakob hadde støtte av syskenbarnet sitt, kong Ludvig XIV av Frankrike, som ikkje ønskte å sjå ein fiendtleg monark på den engelske trona. Ludvig sende 6 000 franske soldatar til Irland for å støtte dei irske jakobittane. Vilhelm var alt statthaldar av Nederland og kunne kalle inn nederlandske og allierte soldatar frå Europa, England og Skottland.

Jakob II hadde med seg Richard Talbot, 1. jarl Tyrconnell, som var irsk statthaldar og ein av dei viktigaste støttespelarane til Jakob i Irland, som kommandant, i tillegg til den franske generalen Lauzun. Vilhelm sin nestkommanderande var hertugen av Schomberg, ein 75-år gammal profesjonell soldat. Han var fødd i Heidelberg i Tyskland, og hadde tidlegare vore marskalk av Frankrike, men sidan han var hugenott måtte han forlate Frankrike i 1685 etter tilbakekallinga av ediktet i Nantes.

Den vilhelminske armeen ved Boyne talde 36 000 mann og bestod av soldatar frå mange land. Det beste vilhelminske infanteriet var frå Danmark og Nederland, profesjonelle soldatar utrusta med dei nyaste flintebøssene. Det var òg fleire franske hugenottar i armeen. Jakobittane hadde 23 500 mann med fleire regiment frå Frankrike. Hovudsakleg bestod derimot armeen hans av irske katolikkar.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Boyne mellom Jakob II og Vilhelm III, 11. juli 1690, Jan van Huchtenburg.

Vilhelm gjekk i land ved Carrickfergus i Ulster den 14. juni 1690 og marsjerte sør for å ta Dublin. Jakob valde å plassere forsvarslinja si ved River Boyne, kring 50 km frå Dublin. Vilhemittane nådde Boyne den 9. juli. Dagen før slaget unngjekk Vilhelm sjølv å mista livet då han vart skadd i skuldra av jakobinsk artilleri då han undersøkte vadestaden som soldatane skulle krysse Boyne over.

Sjølve slaget vart utkjempa 1. juli for kontroll over vadestaden over Boyne nær Drogheda, om lag 4 km nordvest for grenda Oldbridge og om lag 3 km nordvest for den moderne Boyne River Bridge). Vilhelm sende ein fjerdedel av mennene sine for å krysse elva ved Roughgrange, om lag 4 km vest for Donore og 10 km sørvest for Oldbridge. Sonen til hertugen av Schomberg, Meinhardt, leia kryssinga og tok irske dragonar i vaktteneste under Neil O'Neill. Jakob, som var ein uerfaren general, trudde at han kunne verte teken på flankane og sende halvparten av soldatane sine, og det meste av artilleriet, for å stoppe denne rørsla. Det ingen av sidene hadde fått med seg var at det var ei djup, myrlendt kløft ved Roughgrange. På grunn av denne kløfta, kunne ikkje dei to styrkane gå direkte til åtak på kvarandre. Dei vilhelminske styrkane tok ein lang omveg seinare på dagen og avskar nesten den jakobinske tilbaketrekkinga ved landsbyen Naul.

Ved hovudvadestaden nær Oldbridge, tvinga infanteriet til Vilhelm, leia av den nederlandske blå garden, seg over elva, men vart så halden i sjakk av eit motåtak frå det jakobinske kavaleriet. Etter å ha sikr,a landsbyen Oldbridge, prøvde somme vilhelminske infanteristar å halde dei mange kavaleriåtaka attende med disiplinerte skotsalvar, men vart spreidde og drivne attende i elva. Nestkommanderande for Vilhelm, hertugen av Schomberg, og George Walker mista begge livet i denne fasen av slaget. Vilhelmittane klarte ikkje å avansere vidare før deira eigne kavaleristar klarte å krysse elva. Det jakobittiske kavaleriet måtte trekkje seg attende og omgruppere seg ved Donore, der dei igjen sette opp hard motstand før dei trekte seg attende.

Jakobittane trekte seg attende i god orden. Vilhelm hadde sjansen til å fange dei då dei kryssa elva Nanny ved Duleek, men soldatane hans var opptekne med eit anna åtak mot baktroppane deira.

Tapa var relativt små med tanke på at over 50 000 mann deltok, om lag 2 000 mista livet. Sjølv om tre fjerdedelar av desse var jakobittar, hadde den vilhelminske armeen langt fleire skadde. Mange av dei irske infanteristane deserterte. Vilhelmittane marsjerte triumferande inn i Dublin to dagar etter slaget. Den jakobinske armeen hadde gått frå byen og marsjert til Limerick, på andre sida av River Shannon, der dei vart kringsett utan å lukkast.

Etter nederlaget reid Jakob med ein liten eskorte til Duncannon og returnerte så i eksil til Frankrike. Sjølv om han forlet armeen sin relativt uskadd, gjorde flukta til Jakob irane rasande og dei kjempa vidare til freden i Limerick i 1691. Han fekk så kallenamnet Seamus a' chaca («James the shit»).

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Slaget vart i England overskugga av tapet til den engelsk-nederlandske flåten for franskmennene to dagar tidlegare i slaget ved Beachy Head, ei langt meir alvorleg hending på kort sikt. Berre på kontinentet vart sigeren ved Boyne rekna som viktig. Sigeren var viktig fordi det var den første viktige sigeren for Augsburgforbundet, den første alliansen nokon gong mellom Vatikanet og protestantiske land. Sigeren motiverte derfor fleire nasjonar til å bli med i alliansen og enda på den måten frykta for ei fransk erobring av Europa.

I tillegg markerte slaget ved Boyne slutten på håpet til Jakob om å ta attende trona i England med militærmakt. I Skottland stilna nederlaget for ein periode skottane som støtta jakobittopprøret.

Freden i Limerick vart skriven og var særs generøs med katolikkane, fordi dei var særs plagsame for trona. Dei fekk love til å halde landområda sine så lenge dei sverja truskap til Vilhelm av Oranien. Det vart òg sagt at Jakob kunne hente ei viss mengd av soldatane sine attende til Frankrike. Protestantane i England mislikte derimot denne milde handsaminga av katolikkane, særleg når dei fekk styrke og pengar. På grunn av dette vart det innført straffelover. Desse lovene omfatta mellom anna forbod for katolikkar å bere våpen, reduserte landområda deira og forbaud dei frå å arbeide i rettsvesenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

53°43′23″N 6°25′01″W / 53.723°N 6.417°W / 53.723; -6.417 (battle site)