Slate Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordenden av Torsay sett frå Seil.
Foto: Rolf Kallman

Slate Islands er ei øygruppe i Indre Hebridane, like utanfor vestkysten av Skottland, nord for Jura og sørvest for Oban. Dei største øyane er Seil, Easdale, Luing, Lunga, Shuna, Torsa og Belnahua. Scarba og Kerrera ligg like i nærleiken, men vert ikkje rekna med i øygruppa.

Kart over Firth of Lorn med dei største av Slate Islands avmerkte.

Berggrunnen på øyane er skifer, og fram til midt på 1900-talet vart det drive steinbryting her. Steinbrytingsdrifta starta i 1630 og rundt år 1900 vart det brote kring åtte millionar skiferheller i året. Eilean-a-beithich («bjørkeøya») var ein gong i Slate Islands, i Easdale Sound. Det vart brote så mykje stein her at ho pa det djupaste var 76 meter under havnivå, og berre den ytste kanten stakk opp av sjøen. Etter kvart braut sjøen gjennom og i dag er det berre ein liten flik av øya att.[1]

Garvellachs ligg like sørvest for øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Slate Islands - The Islands that Roofed the World" southernhebrides.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°14′52″N 5°38′38″W