Slavutytsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 51°31′14″N 30°45′25″E
Slavutytsj
Славутич
by
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kiev oblast
Kommune Slavutytsj rajon
koordinatar 51°31′14″N 30°45′25″E
Areal 2,53 km²
Folketal 24 935 (2012)
Tettleik 9 856 / km²
Grunnlagd 1986
 - Byrettar 1986
borgarmeister Volodimir Udovytsjenko
Postnummer 07100
Retningsnummer +380 4579
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Slavutych
Nettstad: Offisiell nettstad

Slavutytsj (ukrainsk Славутич) er ein ny by nord i Ukraina, kalla opp etter det gammalslaviske namnet på den nærliggande Dnepr. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2011).

Slavutytsj ligg på venstrebreidda av elva, 40 km frå Tsjernihiv, 45 km frå byen Pripjat, 50 km frå Tsjernobyl (begge i Ivankiv rajon) og 200 km frå Kiev. Sjølv om byen geografisk ligg i Tsjernihiv rajon (del av Tsjernihiv oblast), høyrer han administrativt til Kiev oblast, og er ein administrativ eksklave, og høyrer ikkje til noko rajon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart bygt i 1986, kort tid etter Tsjernobylulukka for å huse arbeidarane i Tsjernobyl atomkraftverk og familiane deira, som måtte evakuere byen Pripjat. Den økonomiske og sosiale situasjonen i byen er framleis kraftig påverka av kraftverket og andre installasjonar i Tsjernobylsonen fordi dei fleste innbyggjarane framleis arbeidde eller arbeider der.

Bygginga av byen starta kort tid etter ulukka og dei første innbyggjarane flytta inn alt i oktober 1988. Byen var meint å erstatte Pripjat, som hadde vorte ein spøkelsesby etter evakueringa. Det står eit minnesmerke i Slavutytsj for offera etter ulukka, særleg dei som mista livet like etter hendinga frå strålingsskadar.

Innbyggjarane i byen er hovudsakleg overlevande etter katastrofen, som måtte flytta ut frå evakueringssonen, av dei kring 8000 som var barn i 1986. På grunn av dette har relativt mange av innbyggjarane strålingsrelaterte sjukdommar. Mange av innbyggjarane arbeider framleis ved det tidlegare kraftverket for å overvake det, vedlikehalde det eller for vitskaplege årsaker.

Jernbanelinja ved Slavutytsj stasjon som tar tilsette inn i Tsjernobylsonen

Slavutytsj ligg kring 50 km aust for det tidlegare atomkraftverket. For å bygge byen vart området dekt med eit to meter tjukt lag med rein jord. Plasseringa vart valt ut på grunn av jernbanelinja som går gjennom området. Frå starten vart det valt at Slavutytsj skulle verte ein «by for det 21. hundreåret». Samanlikna med andre byar i Ukraina har Slavutytsj moderne arkitektur med lystige omgjevnader og levestandarden er høgare enn i dei fleste andre byane i Ukraina. Under bygginga av byen deltok arbeidarar frå åtte tidlegare sovjetrepublikkar: Armenske SSR, Aserbajdsjanske SSR, Estiske SSR, Georgiske SSR, Latviske SSR, Litauiske SSR, Russiske SFSR og Ukrainske SSR. Som følgje av dette vart byen delt inn i åtte bydelar kalla opp etter hovudstadane i kvar republikk[1], kvar med sin eigen unike stil og atmosfære. Byen har ein uvanleg høg fødselsrate og dødelegheita er overraskande låg. Som følgje av dette er snittalderen i Slavutytsj den lågaste av alle byane i Ukraina og meir enn ein tredjedel av innbyggjarane er barn.

I 2001 vart dei gjenverande delane av atomkraftverket stengd ned og byen har hatt sosiale problem og ei uviss framtid etter det. Mykje av budsjettet til byen vart betalt av operatørane av kraftverket. For å støtte busetnaden og få inn nye føretak, vart Slavutytsj ein særeigen økonomisk sone.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]