Sleipne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sleipnir)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sleipner (fleirtyding).
Odin rir inn i Valhall på hesten sin, Sleipne

Sleipne (Sleipner; norrønt Sleipnir) er i den norrøne mytologien hesten til Odin. Sleipne er ein svart hingst med åtte bein, og er den snøggaste hesten i verda.

Det er berre Odin som kan ri Sleipne. Hesten spring like godt over vatn som på landjorda og i lufta. Sleipne skal kunna springa over gjerdet til dødsriket Hel, ingen andre hestar kan gjera dette.

Sleipne er barn av hingsten Svadilfare og Loke då Loke skapte seg om til ei hoppe. Ifylgje Gylvaginning skapa Loke seg om til ei hoppe for å lokka den store hingsten Svadilfare vekk frå arbeidet med å byggja muren kring Åsgard, slik at æsene vann veddemålet om kor fort det kunne gjerast.

Hesten Grane skal stamma frå Sleipne.

Kalla opp etter Sleipne[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sleipne