Slependen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°53′0.56040″N 10°30′13.018″E

Fakta om Slependen
Kommune: Bærum
Fylke: Akershus
Folkemengd: ca. 7500 (2005)
Postnummer: 1341
Slependen stasjonDrammenbanen
Foto: Trond Strandsberg
Kalkomn på Slependen

Slependen er namnet på eit område som ligg på fastlandet vest for Sandvika og Gyssestad i Bærum kommune og nordaust i Asker kommune. Slependen er òg namnet på ein stoppestad i Bærum for lokaltrafikken på Drammensbanen gjennom kommunane Asker og Bærum, men denne stoppestaden ligg strengt teke godt utanfor det området som tradisjonelt har vorte sett på som Slependen. Motorvegen E-18 på strekninga mellom Oslo og Drammen går gjennom Slependen.

Slependen i Bærum er prega av bustadhus, somme bustadblokker og somme mindre bygningar for tenesteytande verksemder. Slependen i Asker er prega av småhus, nye bustadblokker, bygningar for små og store kontor- og handelsverksemder, med varehuset til IKEA som det mest dominerande innslaget i landskapet, og i tillegg eit arealkrevjande vegsystem for å avvikle den støyande og forureinande kombinasjonen av stor gjennomgangstrafikk og stor lokaltrafikk.

Frå Slependen går det ei vakker bogebru i kvitmåla betong, Nesøybrua, i stor høgde over det smale sundet Grønsund til Nesøya. Brua stod ferdig i 1957, utvida i 1983. Sørover under bogen kan ein sjå kor vakkert det er langs heile sundet mellom øya og fastlandet og ut i Holmenfjorden utanfor Holmen. Tidlegare stod det ei privat bru i tre her, bygd i åra 1919 – 20 av eigaren av Nesøya.

Namnet Slependen, som tyder enda på slepa, er eit namn frå hestekøyretya si tid. Namnet var opphavleg knytt til sundet mellom Nesøya og fastlandet, og kjem seg av at ein vinterveg frå Oslo over fjordisen, ei slepe, enda inst i bukta rett nordvest for staden der brua til Nesøya ligg no; herfrå gjekk transporten vidare over land. Etter at fjordisen hadde lagt seg, var det kjappare og lettare å nytte isen enn landevegane når transportane på denne strekninga måtte gjerast med hest med slede eller med såkalla slep.

Slependen i farne tider[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet, og tidlegare òg, har den opphavlege Slependen nede ved sundet vore eit viktig transportknutepunkt med både brygger og tollstad. Store mengder kalk som skulle nyttast til mørtel for muring, brent på dei om lag tretti kalkomnane som var i sving i Asker kommune, og på eit tilsvarande tal i Bærum kommune, vart skipa ut til både utland og innland herfrå, både til «Sverrig, Dannemark eller Provincerne». Slæbens-kalk vart etter kvart eit omgrep for all kalk som var skipa ut frå Asker-landet, sjølv for den kalken som eigenleg var brend i Bærum eller Røyken. Det er framleis spor etter både brygga og tollstaden, som dessutan kan kjennast att på at det er fullt av uoppløyselege kalksteinspartiklar både på sjøbotn og i jorda på land i sundet kring det vesle neset attmed brua over til Nesøya. Jarnverket Bærum Verk nytta òg i ein viss mon tollstaden for innføring av jarnmalm frå dei førekomstane det hadde ved Kragerø, og ved somme høve dessutan for utskiping av ferdigprodukta, som var omnar, stangjarn, og i tillegg einskilde gongar tømmer. Andre varar som verket trong, som til dømes malt til ølbrygging, erter, korn og brennevin, har ifylgje oppteikningar frå 1684 òg vorte importert over tollstaden, då frå København i Danmark.

Inst i bukta på Slependen var det på 1800-talet ein husmannsplass med ti oppsittarar under garden Berger, ein gard som låg litt lenger inne i Asker kommune. Garden Nes, som låg på høgdedraga mellom Neselva og sundet mot Nesøya, og som har gjeve namn åt Nesøya, hadde òg ein husmannsplass med namnet Slæben i området, ifylgje kjelder frå 1771. Garden hadde dessutan ein såkalla kalkbrygge ved Grønsundberget inne i Slependen, som det i lange tider vart skipa ut kalk over frå kalkomnane i området, mellom anna frå gardens eigen kalkomn, som dessutan andre bønder hadde skaffa seg rett til å nytte for sin eigen del for å brenne kalk til utskiping.

Dei vegane som no heiter Slependveien og Nesbruveien var i tidlegare tider ein samanhangande del av vegen mellom Oslo og Drammen på strekninga frå Sandvika, over Sandvikselva på Løkke bro i Sandvika, via Slependen, Næs bro (Nesbru), Ravnsborg, Hvalstad og fram til Asker. På det langstrekte, flate jordet på Slependengene, den austlege luten av det som seinare vart kalla Billingstadsletta, vart det i 1880 laga til ein privat travbane som i dei neste åra vart nytta både til travløp og sykkelløp, men som snart vart lagd ned av di han låg for langt vekk frå Oslo for dei som var interesserte i slikt. Over denne travbanen vart det i 1923 bygd ein ny parsell av vegen mellom Oslo og Drammen på strekninga frå Slependen til Nesbru. Denne vegen fekk i 1973 namnet Billingstadsletta etter namnet på sletta ho gjekk over, men hadde tidlegare hatt namnet Drammensvegen som resten av den samanhangande vegen mellom Oslo og Drammen. Ved bygginga av motorveg Europaveg 18 og andre vegomleggingar, vart denne Drammensvegen stykka opp, og det vart difor turvande med nye vegnamn som gav meining i samsvar med dei nye tilhøva.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Finn Lønnå, Karl Nilsen. 1986. Langs Kongevei og gammel Drammensvei i Asker og Bærum. Asker og Bærum Historielag. Sidene 84-86.
  • Borgen, Per Otto. 2006. Asker og Bærum leksikon, særleg sidene 456-457. Drammen: Forlaget for by- og bygdehistorie. ISBN 82-91649-10-3
  • Halvard Torgersen. 1941. Asker : Bidrag til bygdas gårdshistorie. Oslo: Grøndahl & Søn (faksimileutgåve 1985). Side 232.