Slependen stasjon

Koordinatar: 59°53′7.0728″N 10°30′10.238″E / 59.885298000°N 10.50284389°E / 59.885298000; 10.50284389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°53′7.0728″N 10°30′10.238″E / 59.885298000°N 10.50284389°E / 59.885298000; 10.50284389

Slependen stasjon, teikna av arkitekt Arne Henriksen ved NSBs arkitektkontor.

Slependen stasjon er ein haldeplass i Bærum kommune for lokaltrafikken på Drammensbanen.

Den opphavlege haldeplassen, Slæbende Platformstoppested, vart opna 11. september 1873, og låg ein annan stad enn noverande haldeplassen, rett på austsida av jarnbanebrua over Slependveien. På 1890-talet vart det bygd ein liten ekspedisjonsbygning i tre ved Slæbende Platformstoppested, slik at haldeplassen vart som ein stasjon.

I samband med utbygginga av strekninga mellom stasjonane i Sandvika og på Asker til dobbeltspor, vart det bygd ein ny Slependen stasjon. Ny, dobbel bru måtte byggjast over Slependveien, altså ei bru for kvart spor, og den nye stasjonen vart lagt på vestsida av bruene, med ein ekspedisjonsbygning bygd i mur og ei plattform som ein eining plassert mellom dei to spora. Inngangen til ekspedisjonsbygningen, som for ei tid òg hyste eit postkontor i tillegg til jarnbanens eige kontor for billettsal og anna, låg under og midt mellom dei to bruene. På grunn av den store høgdeskilnaden frå vegen under brua og opp til linene, var det laga ei tilkomstrampe under den eine og øvre brua opp til inngangen, og ei trapp opp under den andre brua, og dessutan ramper og ei trapp vidare opp inne i sjølve bygningen. Stasjonen vart opna 17. desember 1958. I 1969 vart det slutt på alle former for billettsal og anna ekspedisjon i bygningen, slik at stasjonen frå då av berre fungerte som ein stoppestad.

Særleg av di stasjonen låg i ei kurve, slik den fyrste stasjonen òg hadde gjort, vart det etter kvart naudsynt å få han avløyst av ein ny haldeplass som kunne leggjast på ei rak strekning. Den einaste strake strekninga som var aktuell, låg fire hundre meter nordover, nærare Sandvika, og den nye stasjonen måtte soleis plasserast der. Denne haldeplassen kunne dessutan erstatte Jong haldeplass rett i nærleiken, slik at eitt stopp på ruta vart eliminert.

Denne nye haldeplassen skulle òg ha plattforma liggjande mellom dei to spora, og med tilkomst utan å krysse spora. På grunn av den store høgdeforskjellen det var mellom lina og terrenget på austsida, vart det bygd eit sylindrisk tårn på plattforma, med ein indre rampe forma som ein spiral, for slik å kunne gje tilkomst til haldeplassen frå bustadområda på denne sida med ei bru høgt over det eine sporet. Denne nye Slependen haldeplass, teikna av arkitekt Arne Henriksen ved NSBs arkitektkontor, vart opna for trafikk 21. mai 1993.

Den nedlagde Slependen stasjon vart deretter riven. Ekspedisjonshuset vart jamna med jorda, plattforma graven vekk og omforma til ein langstrekt haug med masse mellom dei to spora, og den utvendige trappa og rampa under brua fjerna, slik at så å seie alle spor etter det som i 1958 hadde vore ein moderne, såkalla høgstasjon, vart heilt og fullt utsletta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]