Slesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slesse
fjell
Slesse seint i juli
Namneopphav: «hoggtann» på halqemeylem
Land  Canada
Region British Columbia
Fjellkjede Skagit Range, Kaskadefjella
Høgd 2 439 moh.
Primærfaktor 862 m
Koordinatar 49°01′32.3″N 121°35′30.9″W / 49.025639°N 121.591917°W / 49.025639; -121.591917
Lettast tilkomst Sørvestruta (teknisk fjellklatring klasse 5.6)
Førstestiging Stan Henderson, Mills Winram, Fred Parkes
 - dato 10. august 1927
Kart
Slesse
49°01′32″N 121°35′31″W / 49.0256°N 121.592°W / 49.0256; -121.592
Wikimedia Commons: Mount Slesse

Slesse (engelsk Slesse Mountain eller Mount Slesse) er eit fjell like nord for grensa mellom Canada og USA i Kaskadefjella i British Columbia, nær byen Chilliwack. Det er kjend for dei høge, bratte fjellsidene og vestsida har eit fall på over 1950 meter ned til Slesse Creek over ei lengd på berre 3 km. Han er òg kjend for den nordaustlege knausen. Namnet tyder «hoggtann» på halqemeylem.[1] Av andre kjende fjell i nærleiken finn ein Mount Rexford og Canadian Border Peak i British Columbia, og American Border Peak, Mount Shuksan og Mount Baker i den amerikanske delstaten Washington.[2]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mount Slesse og nabofjella.

Det meste av Slesse består av granittar knytte til Chilliwack-batolitten, som var ein intrusjon i området for 26 til 29 millionar år sidan etter ein stor fjellkjedefolding i området. Denne er ein del av Pemberton vulkanbelte, som er eit erodert vulkanbelte som oppstod som følgje av subduksjon av Farallonplata som starta for 29 millionar sidan.[3][4][5] Hovudbergarten som utgjer Slesse er grå dioritt frå batolitten. Sjølve toppen og vestsida består av fylitt, ein metamorf bergart skapt av kontaktmetamorfose med stein i batolitten og med ein intrusjon av granodioritt.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mount Slesse vart først klatra 10. august 1927 av Stan Henderson, Mills Winram og Fred Parkes, via ei rute som starta frå Slesse Creek. Standardruta i dag er sørvestruta, som omfattar ei stiging på kring 1650 høgdemeter, mykje kravling og somme delar med teknisk fjellklatring opp til klasse 5,6. Slesse er mest kjend for nordaustknausen, som først vart klatra 28. august 1963 av Fred Beckey, Steve Marts og Eric Bjornstad. De er ei særs vanskeleg klatrerute som tar fleire dagar (grad V) med teknisk vaskegrad opp til 5,8 eller 5,9.[1]

Ein propell frå Trans-Canada Airlines Flight 810

Den 9. desember 1956 styrta Trans-Canada Air Lines Flight 810, eit North Star-fly, i fjellsida på fjellet og alle dei 62 ombord mista livet.[6] Dette var ei av dei verste flyulukkene i verda fram til då. Fleire spelarar på toppnivået i kanadisk fotball var blant dei omkomne.[7][8] Eit minnesmerke over dei døde finst ved vegen like ovanom Chilliwack River Road. Sjølve staden vart funnen mange år seinare med restane av flyet og levningar etter dei omkomne, som vart flytta i ei massegrav. Området er i dag verna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fred Beckey, Cascade Alpine Guide, Volume 3 (Second Edition), The Mountaineers, 1995, ISBN 0-89886-423-2, p. 19 and pp. 165-177
  2. Mal:Cite bcgnis
  3. Cenozoic to Recent plate configurations in the Pacific Basin: Ridge subduction and slab window magmatism in western North America
  4. Miocene peralkaline volcanism in west-central British Columbia - Its temporal and plate-tectonics setting (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. juli 2011, henta 6. juli 2011 
  5. Catalogue of Canadian volcanoes: Franklin Glacier, arkivert frå originalen 11. desember 2010, henta 18. januar 2014 
  6. O'Keefe, Betty and MacDonald, Ian, Disaster on Mount Slesse, Caitlin Press, 2006, ISBN 1-894759-21-4
  7. McNeil, Shane (November 2, 2012). «Engraved On a Nation: A Family United Through Tragedy». The Sports Network. Henta November 2, 2012. 
  8. Beamish, Mike (November 1, 2012). «Fatal 1956 CFL air crash-Engraved On a Nation: Recalling a flight taken, and not taken». The Vancouver Sun. Henta November 2, 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]