Slette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pampas i Rio Grande do Sul i Brasil.
Slette i Skåne sør i Sverige.
One Tre Plain i Australia.

Slette er ein landskapstype som er lite kupert og så godt som flatt. Præriar og stepper er sletter, og mange ser kanskje på grasslettene som dei verkelege slettene, men dei kan òg vere dekte av kratt og skog, eller utan vegetasjon som dei sanddekte eller steinete slettene i ørkenar. Omgrepet vert vanlegvis ikkje nytta om landskap som er heilt og permanent dekt av myrer, sumper, playaer eller iskapper.

Sletter førekjem som lågland og i botn av dalar, men òg som platå i store høgder. Dei kan dannast av flytande lava, avleiringar frå vatn, is eller vind, eller verte forma som følgje av erosjon av åsar og fjell.

Slettene er i mange regionar viktige jordbruksområde fordi jordsmonnet ofte består av djupe og fruktbare sediment, og fordi det flate landskapet gjer mekanisert produksjon lettare. Grassletter vert ofte nytta som beitemarker for buskap.

Typar sletter[endre | endre wikiteksten]

Serengetisletta i Tanzania.
  • Kystslette, eit lågtliggande område ved kysten. Omgrepet vert vanlegvis nytta når dei har åsar, fjell eller platå innanfor seg.
  • Elvesletter vert danna av elvar og kan vere ein av desse overlappande typane:
    • Flaumslette, ved sida av elvar, innsjøar eller våtmarksområde, som stundom eller periodevis opplever flaum.
    • Alluvialslette, danna over lang tid av ei elv som set av sediment på flaumsletta eller elveleie som så vert avleiringsjord. Skilnaden mellom ei flaumslette og ei alluvialslette er at flaumsletta opplever forholdsvis regelmessig flaum, både no og i fortida, medan alluvialsletta inkluderer område som både er og var flaumsletter, samt område som berre opplever flaum nokre få gonger i hundreåret.
  • Lakustrinslette, ei slette som opphavleg vart danna i eit lakustrint miljø, til dømes botn av ein tidlegare innsjø.
  • Lavaslette, danna av størkna lag av flytande lava.
  • Moreneslette, ei slette av morenemasse som oppstår når ein isbre bryt laus frå hovudisbreen og legg frå seg avleiringane han hadde i seg når han smeltar.

Andre typar sletter[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet vert stundom nytta om flate område på havbotn eller flate område på månar og plantar.

  • Djuphavsslette, eit flatt eller nesten flatt område på botn av djuphavet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]