Slieve Bloom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Slieve Bloom | |
|---|---|
| Høgd over havet | 526 moh |
| Ligg i/på | Laois og Offaly i |
| Fjellkjede | Wicklowfjella |
| Primærfaktor | 197 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Slieve Bloom (irsk Sliabh Bladhma) er ei fjellkjede i County Laois og Offaly i Republikken Irland. Ho stig opp frå den sentrale sletta på Irland til ei høgd på 526 meter over havet. Sjølv om dei ikkje er særleg høge, strekk fjella seg godt opp frå dei omkringliggande områda. Det høgaste fjellet er Arderin (526 m) sørvest i fjellkjeda og Baunreaghcong (511 m) ved enden av Capard-ryggen.
Landsbyen Cadamstown ved elva Silver er heimstaden til Silver River Geological Reserve.
Fjella ligg sentralt på Irland, sør for Bog of Allen, Banagher og Tullamore i County Offaly, aust for elva Shannon og vest for Portlaoise, hovudbyen i County Laois. Vestenden av Slieve Bloom-fjella ligg nord i County Tipperary, nær Roscrea.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Slieve Bloom Mountains frå Engelsk Wikipedia .