Slirenebbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slirenebbar


Antarktisslirenebb Chionis albus" Foto: Samuel Blanc
Antarktisslirenebb Chionis albus"
Foto: Samuel Blanc

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Chionididae
Slekt: Chionis

Slirenebbar (Chionidae) er ein familie fuglar, knytt til Antarktis. Familien er klassifisert som vadefuglar i orden Charadriiformes og inneheld berre ei slekt, Chionis, med berre to artar. Dei to artane er antarktisslirenebb, Chionis albus, og maskeslirenebb, Chionis minor. Namnet slirenebb kjem av at fuglane har eit slireforma, hornaktig deksel som dels dekkjer overnebbet.

Slirenebbane hekkar på sub-antarktiske øyar og på Den antarktiske halvøya. Antarktisslirenebb migrerer til Falklandsøyane og kystnære sørlege Sør-Amerika i den sørlege vinteren. Slirenebbane er dei einaste fuglefamilien som er endemisk hekkefugl i Antarktis-regionen. Dette er òg dei einaste fuglane i Antarktis som ikkje har symjehud på føtene.

Maskeslirenebb, Chionis minor

Slirenebbane har kvit, tjukk fjørdrakt. Dei ser klumpete og dueaktige ut, ein antar dei liknar felles forfedrar til moderne måsar og terner. Huda rundt auga er naken. Huda over nebbet er òg naken og har vorteliknande utvekstar. Ulikskapane mellom dei to artane inkluderer ulik farge på beina og på den nakne ansikthuda. Antarktisslirenebb er 40-42 cm i kroppslengd. Utbreiingsområdet inkluderer i tillegg til Antarktis-kontinentet òg Scotia Arc, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Maskeslirenebb er 1-2 cm kortare og har svart nebb. Distribusjonen inkluderer Prince Edwardøyane, Crozetøyane, Kerguelen og Heardøya.

Dei spaserer på bakken, omtrent som rikser, og flyg berre når dei er skremt opp eller under migrasjon. I flukt liknar dei duer.

Slirenebbane er opportunistiske matsøkjarar, dei tar virvellause dyr, avføring, og et av kadaver, av fødselsetterbyrd frå selar og daudfødte selunger i flomålet. Dei vil òg forsyne seg av ungar og egg frå skarvar og pingvinar. Under hekkesesongen, som fell saman med hekkesesongen til pingvinar, vil slirenebbpar forsvare revir innanfor pingvinkoloniar, store nok til å dekkje ei rekkje pingvinreir. Slirenebbparet vil ofte arbeide saman for å trakassere vaksne pingvinar, motstå pingvinane sine freistnader på å hakke, inntil dei får tilgang på egg eller ungar eller kan stele krill som vaksne pingvinar gulpar opp for å mate ungane sine. Nær dei få menneskelege busetjingane i regionen, tar dei frimodig for seg av avfall. På grunn av denne dietten, brukar dei mykje tid på vask og å reinske fjørdrakta.

Dei legg 2 eller 3 kvite, flekka egg i sprekker eller hòler i fjellet. Reiret er uryddig fora med tang, steinar, fjør, guano, bein, og inn i mellom plastsøppel. Sjølv daude ungar vert ikkje fjerna frå reirplassen. Rugetida varer frå 28 til 32 dagar, og ungane blir flygedyktige etter 50 til 60 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]