Sloboda Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sloboda Ukr.png

Sloboda Ukraina (ukrainsk Слобiдська Україна, Slobids'ka Ukrajina, russisk Слободская Украина, Slobodskaja Ukraina) eller Slobozjansjtsyna (russisk/ukrainsk Слобожанщина) var ein historisk region som utvikla seg på 1600- og 1700-talet i det sørvestlege grenseområdet av Det russiske keisarriket.

Området vart tradisjonelt nytta av krimtatarar og nogajtatarar for å invadere russiske området langs Muravskijvegen og Iziumvegen. Etter fleire russisk-krimske krigar oppfordra dei russiske tsarane kosakkar til å slå seg ned i regionen for å fungere som ein slags grensevakt mot invasjonane.

Bortsett frå kosakkar var busetjarane bønder og byfolk frå Ukraina på venstrebreidda og høgrebreidda. Namnet Sloboda Ukraina kjem frå ordet sloboda (russisk cлободa), eit slavisk uttrykk som tyder «fridom» og som var ein slags busetnad. Innbyggjarane i ein sloboda slapp å betale skatt til tsaren i ein tidsperiode, og dette viste seg å freiste mange innbyggjarar. Mot slutten av 1700-talet var det 532 slobodaer i Sloboda Ukraina.

Frå 1650–1765 vart Sloboda Ukraina i aukande grad organisert i følgje kosakkiske militærtradisjonar og kosakkane som flytta hit vart kjend som Sloboda-kosakkar. Under Katarina den store vart privilegia til kosakkane og den delvis sjølvstyrte regionen vart ein provins (namestnitsjestvo) som òg vart heitande Sloboda Ukraina. I 1835 vart provinsen Sloboda Ukraina avskaffa og det meste av området vart ein del av det nye Kharkov-gubernija, og noko vart ein del av Voronezj og Kursk, som då var under Ukraina på venstrebreidda i Vesle-Russland. Regionen vart omorganisert fleire gonger under Sovjetsk Ukraina, før grensene til dagens Kharkiv oblast vart oppretta i 1930-åra.

Sloboda Ukraina tilsvarer i dag områda i dagens Kharkiv og delar av Sumy, Donetsk og Luhansk oblast i Ukraina, og delar av Belgorod, Kursk og Voronezj oblast i Russland.