Slobodan Milošević
| Slobodan Milošević Слободан Милошевић |
|
| Regjeringstid | 8. mai 1989–23. juli 1997 (Serbia) 23. juli 1997–5. oktober 2000 (Jugoslavia) |
|---|---|
| Fullt namn | Slobodan Milošević (serbisk: Слободан Милошевић) |
| Titlar | President i Serbia (1989–1997) President i Jugoslavia (1997–2000) |
| Fødd | 20. august 1941, Požarevac i Jugoslavia (no Serbia) |
| Død | 11. mars 2006, Haag i Nederland |
| Føregjengar | Petar Gracanin (Serbia) Zoran Lilić (Jugoslavia) |
| Ektefelle | Mirjana Marković |
| Born | Marko Marija |
Slobodan Milošević
Høyr (fødd 20. august 1941 i Požarevac, død 11. mars 2006 i Haag) var ein jugoslavisk-serbisk politikar og statsleiar. Han var gift med Mirjana Marković og hadde to born (Marko og Marija). Mellom 1989 og 1997 var han serbisk president og frå 1997 til 5. oktober 2000 president for forbundsrepublikken Jugoslavia. Milošević leidde det populistiske og etnonasjonalistiske "Serbias sosialistiske parti" (Socijalistička partija Srbije) frå grunnleggjinga i 1990 til 2001.
Under Kosovokrigen i 1999 vart han tiltala for krigsbrotsverk og brotsverk mot folkesetnaden i Kosovo ved det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia. I 2000 førde massedemonstrasjonar til at han måtte gå av, etter fyrst å ha nekta å akseptere valnederlaget. Han vart arrestert av jugoslavisk politi etter å ha vorte anklaga for korrupsjon og maktmisbruk 31. mars 2001. 28. juni same året vart han utlevert til FN, og har sidan sete i varetekt i krigsforbrytardomstolen sitt fengsel i Haag i Nederland, anklaga for krigsbrotsverk. Han erklærte seg uskuldig og førde si eiga forsvarssak. 11. mars 2006 stadfesta krigsforbrytardomstolen meldinga frå radiostasjonen Radio B92 i Beograd om at Milošević var funnen død på cella i Haag. Han hadde hatt hjarteproblem og høgt blodtrykk, men var vorten nekta å reise til Moskva for legebehandling fordi krigsforbrytardomstolen såg det som sannsynleg at han ville flykte.
| Føregjengar Petar Gracanin |
President i Serbia 1989–1997 |
Etterfylgjar Milan Milutinović |
| Føregjengar Zoran Lilić |
President i Jugoslavia 1997–2000 |
Etterfylgjar Vojislav Koštunica |