Slovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Slovenská Republika

(norsk: Slovakia, slovakisk)

Det slovakiske flagget Det slovakiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nad Tatrou sa blýska»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Slovakia
Offisielle språk Slovakisk
Hovudstad Bratislava
Styresett
Republikk
Ivan Gašparovič
Róbert Fico
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
49 035 km² (128.)
nær 0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
5 483 088 (112.)
111,8 /km² (67.)
Sjølvstende
  - Dato
Delinga av Tsjekkoslovakia
1. januar 1993
Nasjonaldag 1. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
121 300 mill. USD (61.)
22 200 USD (44.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +421
Toppnivådomene .sk


Den slovakiske republikken (forkorta til Slovakia; slovakisk Slovensko eller Slovenská republika) er eit land i Sentral-Europa med over fem millionar innbyggjarar fordelt på om lag 49 000 km². Det grensar til Tsjekkia og Austerrike i vest, Polen i nord, Ukraina i aust og Ungarn i sør. Den største byen er hovudstaden, Bratislava. Slovakia er medlemsland i Den europeiske unionen, NATO, SN, OECD, WTO, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar.

Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400 og 500-talet e.Kr. i folkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt til Samo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane), Stor-Mähren, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Austerrike-Ungarn og Tsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia under fløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.

Slovakia har den raskaste veksande økonomien i EU og OECD[1]. Landet vart medlem av EU i 2004 og Eurozone i 2009.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Eit topografisk kart over Slovakia
For meir om dette emnet, sjå Slovakisk geografi.
Slovakisk landskap i Store Fatra

Det slovakiske landskapet er hovudsakleg kjend for fjella, med Karpatane som den dominerande fjellkjeda som strekkjer seg langs det meste av den nordlege halvdelen av landet. I desse fjella finn ein dei høge fjelltoppane i Tatrafjella. I nord, nær grensa til Polen, ligg Høge Tatra, eit populært skiområde med mange vakre innsjøar og dalar, samt det høgaste fjellet i Slovakiak, Gerlachovský štít på 2655 meter over havet. Her ligg òg eit nasjonalsymbol for Slovakia, fjellet Kriváň.

Dei største slovakiske elvane er Donau, Váh og Hron. Tisa markerer 5 km av landegrensa mellom Slovakia og Ungarn.

Det slovakiske klimaet ligg mellom den tempererte og den kontinentale klimasonen med relativt varme somrar og kalde, skya og fuktige vintrar. Området i Slovakia er delt inn i tre klimasoner: Dei varmaste låglanda i sør, dei meir varierte bekkena sentralt i landet og fjellklimaet i nord.

Kart over Slovakia

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det noverande Slovakia var ein del av Kongeriket Ungarn, og av det sameinte keisarlege og kongelege monarkiet Austerrike-Ungarn fram til 1918, då det vart ein del av den nye staten Tsjekkoslovakia. Slovakia vart uppretta som eigen stat fyrste gong i 1939 som fylgje av Münchenavtalen, og landet var i forbund med Tyskland under krigen. I 1945 vart landet igjen ein del av det gjenupprettede Tsjekkoslovakia, som var kommunistisk styrt og under sterk innflyt frå Sovjetunionen fram til 1989. Etter sovjetunionens fall vart staten Slovakia gjenuppretta 1. januar 1993. Slovakia vart medlem av den europeiske union i mai 2004.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av dei som bur i Slovakia er slovakiske (86 %), ungararane (10%) er det største mindretalet, andre mindretal er romafolk, tsjekkarar, tyskarar, ukrainarar og polakkar.

Den slovakiske grunnlova gjev religonsfridom. Størsteparten av slovakaren høyrer til den romersk-katolkse kyrkja, medan det største mindretalet er protestantar. I tillegg bur det 120 000 jødar i landet.

Det offisielle tungemålet er slovakisk men i nokre område nyttast òg ungarsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slovakia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovakia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.