Slovenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republika Slovenija

(norsk: Slovenia, slovensk)

Det slovenske flagget Det slovenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Zdravljica»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Slovenia
Offisielle språk Slovensk, italiensk1 og ungarsk1
Hovudstad Ljubljana
Styresett
Republikk
Nataša Pirc Musar
Robert Golob
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
20 273 km² (152.)
0,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 972 126 (145.)
97,3 /km² (83.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Jugoslavia
25. juni 1991
1992
Nasjonaldag 25. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
63 600 mill. USD (98.)
32 800 USD (41.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +386
Toppnivådomene .si

1 I visse kommunar.

Republikken Slovenia (slovensk Republika Slovenija) er eit land sør i Europa. Landet grensar til Italia i vest, Adriahavet i sørvest, Kroatia i sør og aust, Ungarn i nordaust og Austerrike i nord. Slovenia var del av Austerrike-Ungarn fram til 1918 då det vart ein del av Serbarane, Kroatane og Slovenarane sitt kongedømme, som I 1929 endra namn til Jugoslavia. Det vart sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991. Det har vore medlem av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slovensk geografi.

Topologi[endre | endre wikiteksten]

Triglav - det høgste fjellet i Slovenia

I Slovenia møtest fire store europeiske geografiske regionar: Alpane, Dei dinariske Alpane, den pannoniske sletta og Middelhavet. Landet er stort sett berglendt, med slettelandskap i aust og nordaust. Det høgste punktet er Triglav (2864 m.o.h.). Namnet tyder ”tre hovud”, og ein finn fjellet på riksvåpenet, som eit nasjonalsymbol for Slovenia. Om lag halvparten av landet (10 124 km²) er skogdekt, Slovenia er dermed det tredje mest skogdekte landet i Europa etter Finland og Sverige. Restar av urskog finst framleis, dei største i Kočevje-området. Grassletter utgjer 5593 km², hagar og marker 2471 km², frukthagar 363 km² og vingardar 216 km². Slovenia er særskilt kjent for karst-landskapet sitt. Ordet karst vert brukt om landskapstypar som er danna i lett eroderte steinsortar, som kalkstein, som typisk har mange holer og grotter. Karst er det tyske namnet på regionen Kras i Slovenia, som har gitt namnet sitt til denne landskapstypen. Kystlina til Adriahavet er 47 km lang.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Slovenia så vidt har grense mot Middelhavet, er klimaet i det meste av landet kontinentalt, som i Sentral-Europa. Karst-landskapet hindrar stort sett lufta frå Middelhavet i å strøyme inn i landet. Området har ein god del sol, men det kan regne ganske kraftig her om vinteren. Når den kontinentale lufta strøymer innover landet er det ofte i form av boravinden, som kan gje vindkast over 40 m/s. Dei høgareliggande områda i nord og vest har milde forhold om sommaren, men kan ha ganske så vinterlege forhold på vinterstid. Frå tidleg på sommaren byrjar nærleiken til Middelhavet å gjere seg gjeldande i form av kraftige torebyer. Frå september av er det derimot sjeldan med torevêr, men ein kan framleis få ei regnbye i ny og ne. Vintertemperaturane i austlege delar av Slovenia er omtrent som i Ungarn, men ein har oftare mildare periodar her.

Snittemperaturen er -2 °C i januar og 21 °C i juli. Årleg nedbør er i snitt 1000 mm på kysten, opp til 3500 med meir i Alpane, 800 mm i søraust og 1400 mm sentralt i Slovenia.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i Slovenia er relativt etnisk homogen. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 83,1 % seg som slovenarar, 8,9 % erklærte ingen nasjonalitet eller nasjonalitet ukjent. Dei største minoritetane kom frå andre tidlegare jugoslaviske statar: serbarar (2,0 %), kroatar (1,8 %) og bosnjakar (1,1 %). To små minoritetsgrupper, ungarar (0,4 %) i aust og italienarar (0,2 %) på Istria og ved kysten, har status i grunnlova som «innfødde minoritetar», og har ein plass kvar reservert i nasjonalforsamlinga. Det fanst òg ein tysk minoritet fram til andre verdskrigen, men desse vart fordrivne eller flykta etter krigen. I 2002 var det 499 menneske som oppgav tysk nasjonalitet.

Dei største byane er hovudstaden Ljubljana (266 000 ib., 495 000 i det større byområdet), Maribor (111 000) og Celje (48 100).

Med 99 ibuarar per kvadratkilometer er Slovenia relativt tynt folkesett etter europeiske tilhøve. Om lag 51 % av folket bur i byar og 49 % på landsbygda. Forventa levetid er 72,2 år for menn og 80 år for kvinner (2003). Folketalet i Slovenia er svakt søkkande.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Statsspråket er slovensk, som har ein skriftleg tradisjon tilbake til 1500-talet. Slovensk er eit sør-slavisk språk. Som for mange andre små folkeslag er språket ein svært viktig del av slovenarane si nasjonalkjensle. Fram til oppløysinga av Austerrike-Ungarn i 1918 var tysk eliten sitt språk og slovensk hadde lågare status, men på 1800-talet oppstod det ei språkrørsle som brukte slovensk som litteraturspråk og kjempa for å heva språket sin status. Enkelte forfattarar meinte på denne tida at slovenarane burde bruka serbo-kroatisk heller enn tysk og at det slovenske språket var for lite til å stå på eigne bein, men denne tankegangen vann ikkje fram. I Jugoslavia var slovensk eit av dei offisielle språka, men i praksis følte slovenarane ofte eit språkleg press frå serbo-kroatisk.

Minoritetsspråka italiensk og ungarsk har offisiell status i delar av landet.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Slovenarane har tradisjonelt vore katolikkar, sidan dei vart kristna rundt 800. Unntaket var ein kort periode på 1500-talet då den protestantiske reformasjonen stod sterkt i Slovenia, men med den katolske motreformasjonen erobra den katolske kyrkja si stilling. Ved folketeljinga i 2002 erklærte 57,8 % av folket seg som katolikkar, noko som er ein nedgang frå 71,6 % i 1991. 2,4 % var muslimar og 2,3 % ortodokse kristne. 10,1 % erklærte seg som ateistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Borga og kyrkja i Bled

Dei tidlegaste kjende folkeslaga i dagens Slovenia var keltarar og illyrarar. Romarriket tok kontroll over området i det første hundreåret AD. Romerske byar i området omfattar Celeia (no Celje), Emona (Ljubljana), Nauportus (Vrhnika) og Poetovia (Ptuj). Dei romerske provinsane Dalmatia, Italia, Noricum og Pannonia omfatta delar av det som i dag er Slovenia. På 500-talet kom dei første slavarane til dagens Slovenia. På 600-talet oppstod det slaviske fyrstedømet Karantania, med senter nær dagens Klagenfurt, som strekte seg heilt til dagens Tsjekkia og Slovakia. Karantania fall på 700-talet under først bayersk og så frankisk herredøme, og vart del av Karl den store sitt keisarrike. Etter at forløparane for dagens ungararar slo seg ned på den pannoniske sletta på midten av 900-talet vart slovenarane og dei andre sørslavarane skilde frå vestslavarane lenger nord. Karantania vart del det tysk-romerske rike, først under hertugdømmet Bayern, frå 976 under hertugdømmet Kärnten. Kärnten vart over dei neste hundreåra oppdelt i hertugdøma Kärnten (slovensk Koroška), Steiermark (Štajerska) og Krain (Kranjska). Frå slutten av 1200-talet av kom dei slovenske område under styret til habsburgarane, der dei skulle bli verande heilt til 1918.

Slovenia vart del av grenselandet mot Det osmanske riket, som ved to høve nådde heilt til Wien med hærane sine. Det vart ofte herja, men vart aldri erobra av ottomanarane. På 1400-talet og 1500-talet var det hyppige bondeopprør, og då reformasjonen kom på 1500-talet vart mange slovenarar protestantar. I samanheng med dette vart den første boka på slovensk trykt i 1551 av Primož Trubar, og ei slovensk bibelomsetjing og slovensk grammatikk vart laga. Men med motreformasjonen vart Slovenia igjen katolsk område. Dei neste 300 åra var Slovenia ein roleg del av Habsburg-riket. På 1700-talet vart alminneleg skuleplikt innført, med undervisning på dei lågaste klassetrinna. I 1782 vart liveigenskapen avskaffa og fri religionsutøving tillate. I 1797 kom den første slovensk-språklege avisa, Ljubljanske Novice. I 1809 vart Slovenia erobra av det franske keisarriket under Napoléon Bonaparte, og Ljubljana vart hovudstad for Frankrike sine illyriske provinsar. Etter slutten på napoleonskrigane i 1814 vart den gamle orden gjeninnført.

Utover 1800-talet voks den slovenske nasjonalrørsla, mellom anna inspirert av tida under Napoleon. Slovenarane var dessuten på denne tida under sterkt germaniseringspress. Det slovenske språket hadde låg status, og for å stiga i dei sosiale gradene måtte ein "bli tysk". Diktaren France Prešeren (1800-1849 viste at det slovenske språket kunne brukast til høgverdig litteratur, og har seinare fått ein status som slovensk nasjonaldiktar. Under revolusjonane i Europa i 1848 vart tanken om større slovensk sjølvstyre for fyrste gong fremja. Utover 1800-talet reiste kravet seg om at dei slovenske områda, som framleis var delt mellom dei gamle hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain, skulle slåast saman til eitt område med indre sjølvstyre. I 1867 fekk Ungarn status som eige kongedøme, og det austerrikske keisarriket vart til dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Fleire og fleire slovenarar slutta seg til den sør-slaviske (jugoslaviske) tanken - at dei sørslaviske folka, slovenarar, kroatar og serbarar innan keisarriket, skulle slutta seg saman og få lik status som Ungarn, slik at dobbeltmonarkiet ville verta eit trippelmonarki.

Byen Novo Mesto

Denne tanken fekk ikkje gjennomslag før den første verdskrigen braut ut. Då denne førte til det totale samanbrot for Austerrike-Ungarn gjekk slovenarane med i den nye staten Serbarane, kroatane og slovenarane sitt kongerike, som i 1929 endra namn til kongeriket Jugoslavia. Kystområda vart okkuperte av Italia. Fullt sjølvstende vart ikkje vurdert seriøst av slovenarane på denne tida, då landet verka for lite til å overleva som eigen stat i dei urolege tidene som då var. Monarken i det nye kongeriket var den gamle kongen av Serbia, og slovenarane oppfatta staten som sterkt serbisk dominert. Med grunnlovsendringa som medførte namneskiftet til Jugoslavia i 1929 forsvann òg namnet Slovenia, nye provinsgrenser vart trekte opp og det meste av Slovenia vart del av Dravska banovina. Dessutan avskaffa kongen politiske parti og tok makta i eit kongeleg diktatur.

den andre verdskrigen braut ut var Jugoslavia frå starten av nøytralt, men 25. mars 1941 vart regenten, prins Paul, pressa til å inngå allianse med aksemaktene. To dagar etter vart han avsett i eit militærkupp. Tyskland reagerte med å invadera Jugoslavia 6. april 1945, støtta av Italia, Ungarn og Bulgaria. Slovenia vart delt opp mellom Italia, Tyskland og Ungarn. Okkupasjonstida var ei blodig tid i heile Jugoslavia, med uoversiktlege konfliktlinjer mellom kommunistiske partisanar under Tito og andre motstandsgrupperingar, som ofte enda opp med å alliera seg heilt eller delvis med dei tyske og italienske okkupantane mot kommunistane. I Slovenia oppstod ein organisasjon kalla domobranstvo (heimevern) (deltakarane domobranci), som var drivne av anti-kommunisme og kjempa mot partisanane, som òg var aktive i Slovenia. Etter slutten av krigen gjennomførte Tito sine partisanar i mai 1945 omfattande massakrar på domobranci, kroatiske ustasja-soldatar og andre som hadde prøvd å flykta til den britiske okkupasjonssona i Austerrike, kjend som Bleiburg-massakrane. Talet drepne er vanskeleg å slå fast, men går opp i fleire titusen. Den tyske minoriteten vart driven ut av landet. Med fredsavtalen overtok Jugoslavia dei slovenske områda som hadde vore italienske i mellomkrigstida, men målet om òg å få byen Trieste, som hadde ein stor slovensk minoritet, vart ikkje oppnådd. Jugoslavia vart reorganisert som ein sosialistisk føderasjon, og Slovenia vart ein av dei seks delrepublikkane.

Under Tito sitt styre var landet eit stabilt kommunistisk diktatur, men etter Tito sitt brot med Stalin i 1948 på mange måtar friare enn landa som låg under sovjetisk dominans. Etter at Tito døydde i 1980 vart leiarskapet overtatt av eit kollektivt presidentskap med ein representant frå kvar republikk, med rullerande leiarskap for eit år om gongen. Slik prøvde ein å behalda stabiliteten, men dei indre spenningane i føderasjonen meir og meir tydelege. Økonomiske nedgangstider førte til at Slovenia raskt sakka akterut i levestandard for dei kapitalistiske nabolanda, sjølv om det var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane. I 1986 vart Milan Kučan partisjef i kommunistpartiet i Slovenia og starta ein liberaliserings- og demokratiseringsprosess. Den auka pressefridomen som han tillét skapte store spenningar i forhold til det kommunistiske leiarskapet sentralt og den føderale hæren. I 1989 heldt Slovenia det første frie valet i Jugoslavia, då det skulle veljast ny slovensk representant til det føderale presidentskapet. Kommunistpartiet sin kandidat tapte valet for opposisjonskandidaten Janez Drnovšek. Etter at Slobodan Milošević kom til makta i Serbia, den største av delrepublikkane, oppstod det stadig større spenningar mellom Slovenia og Serbia. 23. januar 1990 marsjerte den slovenske delegasjonen ut av Jugoslavias kommunistforbund sin ekstraordinære partikongress etter at dei ikkje hadde lukkast i å få fleirtal for eit einaste av ei rekkje reformforslag dei hadde fremja. Slovenia gjekk lenge inn for ei omorganisering av Jugoslavia til ein lausare konføderasjon, men då det viste seg umogleg å få Serbia med på dette vart det større og større oppslutning om tanken å forlata Jugoslavia. I april 1990 heldt Slovenia dei første frie parlaments- og presidentvala, der opposisjonskoalisjonen DEMOS kom til makta. Kučan vart vald til president. 23. desember 1990 vart det heldt folkerøysting om sjølvstende frå Jugoslavia, som gav 88,5 % fleirtal for lausriving. 26. juni 1991 erklærte Slovenia seg som sjølvstendig stat, noko som utløyste ein ti dagar lang krig mot den jugoslaviske hæren. Dei slovenske styrkane sigra over hæren militært, og hæren vart forhindra frå å fortsetja krigen av det serbiske leiarskapet i Beograd, som var villige til å la Slovenia gå og heller bruka militære ressursar i den komande krigen i Kroatia. Meklarar frå EU forhandla fram ein avtale om at Slovenia skulle leggje sjølvstendeerklæringa på is i tre månader, mens den jugoslaviske hæren trekte seg ut. 15. januar 1992 vart Slovenia sitt sjølvstende anerkjent av EU, og 22. mai vart landet medlem av FN, saman med dei andre post-jugoslaviske statane.

Sidan sjølvstendet har Slovenia vore prega av stabilitet. Landet er ein av dei rikaste av dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa. Det har vore stor politisk semje om å verta med i den europeiske integreringsprosessen. Etter folkerøystingar vart Slovenia medlem i NATO 29. mars 2004 og EU 1. mai 2004.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Slovenia er ein parlamentarisk republikk, med ein president som vert vald av folket kvart femte år, og ein statsminister vald av nasjonalforsamlinga. Statsministeren har det meste av den reelle makta. Nasjonalforsamlinga heiter Državni zbor og har 90 medlemer, som vert valde kvart fjerde år. Ein av plassane er reservert for den italienske minoriteten og ein for den ungarske minoriteten. Presidenten, Danilo Türk, vart vald i desember 2007. Statsministeren sidan parlamentsvalet i oktober 2004 heiter Janez Janša og representerer Det slovenske demokratiske partiet (Slovenska demokratska stranka), det største av fire parti i ei sentrum-høgre koalisjonsregjering. Det største opposisjonspartiet, som har sete ved makta det meste av tida sidan 1992, er det liberale partiet Slovenias liberale demokrati (Liberalna demokracija Slovenije).

Noreg har hatt ein ambassade i Ljubljana sidan 1. desember 2003. Slovenia er representert i Noreg ved ambassaden sin i København.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Slovenia var den rikaste av dei jugoslaviske delrepublikkane, og har opplevd sterk økonomisk vekst sidan sjølvstendet i 1991. Det er det rikaste av dei nye EU-medlemene, rekna etter brutto nasjonalprodukt. Inflasjonsraten var på 3,6 % i 2004 og 2,5 % i 2005 og nærmar seg no snittet i EU. Økonomisk vekst var 2,7 % i 2003 og 4,2 % i 2004. Arbeidsløysa var i 2005 9,8 %.

Landet har dei siste åra gjennomført privatisering i bankvesenet, telekommunikasjon og offentlege tenester. Restriksjonar på utanlandske investeringar har blitt bygd ned og direkte utanlandsk investering er venta å auka. Dei viktigaste handelspartnarane er Tyskland, Italia og Austerrike.

Slovenia innførte den europeiske fellesvalutaen euro den 1. januar 2007.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kunst og litteratur[endre | endre wikiteksten]

France Prešeren (1800-1849) har status som nasjonalforfattar. Han har mellom anna skrive nasjonalsangen Zdravljica (Ein skål). I nyare tid har musikkgruppa Laibach gjort seg merka internasjonalt.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Slovenia si plassering i Alpane har gjort at vintersport er populært. Kjende er vintersportsstadane Kranjska Gora, som arrangerer verdscuprenn i alpint, og Planica, som har ein kjend skiflygingsbakke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slovenia