Slowhand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slowhand
Studioalbum av Eric Clapton
Utgjeve November 1977
Innspelt Olympic Studios i London i England, mai 1977[1]
Sjanger Rock
Selskap RSO 3030
Produsent Glyn Johns[2]
Eric Clapton-kronologi
No Reason to Cry
(August 1976)
Slowhand Backless
(November 1978)

Slowhand er eit album frå 1977 av Eric Clapton. Det inneheld tre av dei mest populære singlane hans, den bluesaktige «Cocaine», balladen «Wonderful Tonight» og den countryaktige «Lay Down Sally», samt andre songar som vart Clapton-klassikarar som «The Core» og «Next Time You See Her». Tittelen på albuymet var kallenamnet Clapton fekk av Giorgio Gomelsky.[2] Albumet vart ein stor suksess og var eit stort sprang framover etter det relativt mislukka albumet, som kom ut før dette, No Reason to Cry. Det vart både ein suksess hos kritkarane og platekjøparane og nådde andreplassen på lista i USA, 23. plass i Storbritannia og femteplass i Noreg. I 2003 vart albumet rangert på 325. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Cocaine»   J.J. Cale 3:41
2. «Wonderful Tonight»   Clapton 3:44
3. «Lay Down Sally»   Clapton, Marcy Levy, George Terry 3:56
4. «Next Time You See Her»   Clapton 4:01
5. «We're All The Way»   Don Williams 2:32
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «The Core»   Clapton/Levy 8:45
7. «May You Never»   John Martyn 3:01
8. «Mean Old Frisco»   Arthur Crudup 4:42
9. «Peaches and Diesel»   Clapton, Albhy Galuten 4:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Slowhand > Overview». Allmusic Guide. http://www.allmusic.com/album/r4038. Henta 14. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 Clapton, Eric (2007). Clapton:The Autobiography (First ed.). Broadway Books. ss. 49, 174. ISBN 9780385518512.