Sludd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sludd i Nord-England i april 2006.
Foto: James Jin

Sludd er snø som har delvis smelta når den fell mot bakken. Lufta er varm nok til at smelteprosessen i snøen har byrja, men ikkje varm nok til å smelte snøen til regn. Sludd er altså ei blanding av snø og regn. Sludd legg seg ikkje på bakken som snø, med mindre temperaturen er under frysepunktet på bakken og det vert danna eit lag av stålis. Dette skjer òg når underkjølt regn treffer bakken. METAR-koden for sludd er anten SNRA eller RASN avhengig av kor mykje snøen har smelta.