Sluse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skip på veg inn i ei trappesluse i Panamakanalen. Ei sluse har kammer og sluseportar.

Ei sluse er eit byggverk i ei elv eller ein kanal med fleire slusekammer som gjer det mogleg å heve eller lægje eit fartøy frå ei vasshøgd til ei anna slik at skip og båtar kan gå over høgdedrag, gjennom stryk eller forbi dammar utan lange omvegar.

Rundt om i verda er det mange kanalar med slusesystem, mellom anna den eldgamle Keisarkanalen i Kina, Panamakanalen, Volga og Göta kanal.

Vrangfoss sluser i Telemarkskanalen

Det er også sluser fleire stader i Noreg:

  • Sootkanalen i Eidskog kommune vart bygd som den første slusekanal i Noreg (1849) for frakt av tømmer motstraums slik at tømmeret kunne komme over i Haldenvassdraget. Også fleire andre sluser og kanalar vart bygd for å lette transporten i dette vassdraget.

Ein pram i ei sluse[endre | endre wikiteksten]

Fotoserie som synar ein pram som i foto 1, 2 og 3 seglar inn i slusa gjennom den opne porten nedstraums. På foto 4 og 5 er sluseportane i båe endar av slusa stengde, slusa vert fylt med vatn frå kanalen oppstraums for slusa, og prammen stig etter kvart til dette nivået. Deretter kan porten oppstraums opnast, og prammen segle vidare.