Slyngsøtvier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slyngsøtvier


Slyngsøtvier
Slyngsøtvier

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Solanales
Familie: Solanaceae
Slekt: Solanum
Art: S. dulcamara
Vitskapleg namn
Solanum dulcamara
Giftig
Illustrasjon av slyngsøtvier (Solanum dulcamara)

Slyngsøtvier (latin: Solanum dulcamara ) er ei fleirårig plante i søtvierslekta i søtvierfamilien (Solanaceae). Ho kan bli 20-200 cm lang, og har ein treaktig bakkestengel som ligg eller slynger seg, og ein øvre plantestengel som er opprett. Heile planta er giftig.

Slyngsøtvier har ein klatrande eller liggande, forveda jordstengel, medan øvre del av stengelen er mjuk og raud-lilla. Blada er pilforma eller trekantforma, med inntil fire fliker (pilspisshorn) nærast bladfestet.

Blomstrane er blålilla, har 5 kronblad som ofte er bakoverbøgd, og ein sterkt gul fruktstand med griffel. Bæra opptrer ofte samstundes med blomstringa, og er eggrunde og om lag 5-10 mm lange. Dei går frå grøne til sterkt raude i løpet av midtsommaren.

Blomstringa skjer juni-august, ofte med forekomst av unge skott, fullblomstra kronblad, og bær av ulik mogningsgrad samstundes på same plante. Slyngsøtvier trivst på karrig grunn, fuktig, nitrogenhaldig eller kalkhaldig jord, og kan vekse frå sprekker på berg langs havet. Den trivst òg på sumpmark, i oresump, grøfter, dammar, rundt gardsbruk, og på rullesteinsstrand.

I Norden veks slyngsøtvier langs kysten og i låglandet nord til Nord-Trøndelag og indre Bottenvika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slyngsøtvier