Smågauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smågauk

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Cuculiformes
Familie: Cuculidae
Slekt: Cuculus
Art: C. jacobinus
Vitskapleg namn
Cuculus poliocephalus

Smågauk (Cuculus poliocephalus) er medlem av ordenen gaukefuglar med leveområde i Afrika og Asia. I utsjånad kan han minne om ein liten europeisk gauk.

Smågauken er ca. 25-28 cm lang. Hannen har grått hovud og rygg, vengene og halen er mørkare grå. Bryst, buk og kroppssider er kremkvite med kraftige svarte tverrstriper, tydelegare enn på den europeiske gauken. Hoer kan likne hannar, men kan ha ei raudbrun fargeform med raudbrunt på hovud, flygefjør og hale, og med mindre tydelege og raudbrunt i tverrstriper på brystet og halsen. Smågauker har gul augering.

Song frå ein hannfugl

Smågauken lever hovudsakleg av insekt, særleg sommarfugllarver. Han er ein reirparasitt, legg egga sine i reira til songarar, som t.d. sørnattergal. Dei ser aldri ungane sjølve. Lætet frå hannen er skingrande stakkato tonar som kan skildrast som sjåk-sjåk-sjiki-sjukku. Ein kan høyre smågauken tidleg på morgonen, men han syng òg om natta.

Utbreiingsområdet strekkjer seg frå Aust-Afrika til India og så langt aust som til sørlege Kina og Japan.

Hekkeområda ligg i Himalaya, frå Afghanistan til Kina, dessutan i Japan. I indisk del av hekkeområdet skjer hekking i mai til juni. Smågauken er ein flyttfugl som trekkjer ned mot lågare område i Asia og vestover til Aust-Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Zimmerman, Dale A.; Donald A. Turner, David J. Pearson (1999). Birds of Kenya and Northern Tanzania. London: Helm. ISBN 0-7136-5079-6.
  • Rowan, Mary Katherine (1983-12-31). The doves, parrots, louries, and cuckoos of southern Africa. Taylor & Francis. s. 255. ISBN 9780908396665. 
  • «Gackelkuckuck» frå Wikipedia på tysk, den 7. november 2011

Referansar[endre | endre wikiteksten]