Småort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laxsjö by, ein småort i nordre Jämtland

Småort er ei nemning som blir nytta i Sverige av Statistiska centralbyrån (SCB) og er definert som ein samla busetnad med 50-199 innbyggjarar, der det er høgst 150 meter mellom husa. Ein småort kan likevel ha meir enn 200 innbyggjarar om delen fritidsbustader utgjer meir enn 50 %. Kvar småort har sin eigen småortskod.

Definisjonen og den langvarige uttynninga (utglesning) av folkesetnaden på landsbygda, fører til at mange grender som samtidig hyser ein småort har ei klart større befolkning enn den som blir oppgitt av SCB sin befolkningsstatistikk.

I 2000 fanst det 2 690 småortar og i 2005 fanst det 2 876 småortar i Sverige. Mellom 2000 og 2005 vart 152 orter omdefinert som småort ettersom folketalet hadde sokke til under 50 innbyggjarar. 59 småortar hadde auka folketal og hadde antan vokse i hop med ein tätort eller blitt ein ny eigen tätort. 397 nye småortar kom til i same perioden. Avgrensinga av småortar blir justert kvart femte år, parallelt med tätorterna. Resultatet av 2005 årets småortsavgrensing vart publisert den 27. april 2007.[1]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Småort

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Småorter 2005» (PDF). Statistiska centralbyrån. 27 juni 2007. Henta 23 september 2011.