Småplanetnemning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei småplanetnemning er den offisielle nemninga ein småplanet har hjå Minor Planet Center.

Ein nyoppdaga småplanet får fyrst eit mellombelsnamn laga etter ein veldefinert formel:

  • fire siffer som representerer årstalet
  • eit mellomrom
  • ein bokstav som representerer kva halvdel av kva månad oppdaginga vart gjord i
  • endå ein bokstav som viser rekkjefylgja i halvmånaden
  • til sist eit valfritt tal som viser kor mange gonger den andre bokstaven har vorte brukt denne perioden på ein halv måne.
  • ved fleire enn 25 oppdagingar i same halvmånaden slår fleire reglar inn

Om ein småplanet vert observert mange nok gonger får han eit permanent nummer. Ein småplanet som har fått eit permanent nummer kan får eit permanent namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]