Småsalamander
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Småsalamander | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Dyr (Animalia) | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr (Chordata) | |
| Underrekkje: | Virveldyr (Vertebrata) | |
| Klasse: | Amfibium (Amphibia) | |
| Orden: | Caudata | |
| Familie: | Salamandridae | |
| Art: | Småsalamander | |
| Vitskapleg namn | ||
| Lissotriton vulgaris | ||
Småsalamander eller liten salamander (Lissotriton vulgaris, tidlegare Triturus vulgaris) er eit amfibium som finst i Noreg frå rundt Oslofjorden og langs kysten til Stavanger. I tillegg finst han i Trøndelag og på Helgeland nord til Vefsn. Arten er eit av dei fire amfibia som er lista på norsk raudliste 2006, der han er kategorisert som nær trua.
Småsalamder kan bli 7-10 cm lang. Dyret er brunt, grått eller svart. Det har mørk strek gjennom auget og raudoransje buk med mørke flekkar.
Salamanderen lever i og ved dammar og tjørn. Liten salamander er ikkje like sterkt knytta til vatn som storsalamander.
Bakgrunnsstoff [endre]