Småsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Småsyre

Ahosuolaheinä (Rumex acetosella).jpg

Vitskapleg namn
Rumex acetosella
Utbreiing
Område: Sirkumpolar
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Polygonaceae
Slekt: Rumex
R. acetosella

Småsyre er ei fleirårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Planta vert 20 cm høg og har opprett stengel med lansettforma blad. Blomsterstanden greiner seg ovanfor midten. Ytre blomsterblad er bøygde nedover frukta. Indre blomsterblad er spisse og 1,5 mm lange. Småsyre blømer kring juni på aur og sand og andre turre stader.

Småsyre er vanleg over heile Noreg. Planten er funnen opp til 1840 m i Jotunheimen.[1] Småsyre vert lett forveksla med smalsyre og bergsyre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Småsyre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ørjan Nilsson s 74