Smalkjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smalkjempe


Plantago lanceolata flowers.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Plantaginaceae
Slekt: Plantago
Art: P. lanceolata
Vitskapleg namn
Plantago lanceolata

Smalkjempe (Plantago lanceolata) er ein fleirårig urt med ei sirkumpolar utbreiing.

Planta er om lag 25 cm høg med opprette blad, oftast med lange granne hår. Blada, som er lansettforma, er samla i ein rosett. Stenglane er lodne og femkanta. Akset avlangt, stundom mest kulerundt. Gulbrune kronbladflikar og gulkvite mjølknappar. Kapselen har eitt eller to frø, som er rifla på innsida. Blømer kring mai. Veks på enger, bakkar og turt lende. Smalkjempe veks nord til Troms, og er funnen opp til 1000 m høgde i Hol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.