Small Isles

Koordinatar: 56°58′N 6°16′W / 56.967°N 6.267°W / 56.967; -6.267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Small Isles ligg midt på dette kartet over Hebridane

Small Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Tarsainn)[1] er ei lita øygruppe i Indre Hebridane utanfor vestkysten av Skottland. Dei ligg sør for Skye og nord for Mull og Ardnamurchan – det vestlegaste punktet på det skotske fastlandet.

Eigg sett frå avstand, med åsane på Rùm i bakgrunnen
Blaeu sitt skotske atlas frå 1654 - The Small Isles. Rum ligg i midten med 'Kannay', 'Egg' og 'Muck' rundt.

Dei fire største øyane er Canna, Rùm, Eigg og Muck. Den største er Rùm med eit areal på 105 km².

Øyane er i dag ein del av Lochaber i regionen Highland. Fram til 1891 var Canna, Rùm og Muck ein del av grevskapetArgyll, Eigg høyrte til Inverness-shire og heile Small Isles låg i Inverness-shire frå 1891 til 1975. Det gæliske namnet tyder bokstavaleg «krossøyane» og syner til plasseringa deira mellom Morar og The Uists.[1]

Mindre øyar i øygruppa rundt dei fire større er:

Det ligg òg fleire holmar og skjer

  • Hyskeir
  • Garbh Sgeir,
  • Eagamol, nær Eilean nan Each
  • Humla og
  • to stader som heiter Dubh Sgeir

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Iain Mac an Tàilleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 21. februar 2010. 
  2. «History of Canna». Arkivert frå originalen 29. juni 2007. Henta 21. februar 2010. 

56°58′N 6°16′W / 56.967°N 6.267°W / 56.967; -6.267