Smalstripesvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smalstripesvale

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hirundinidae
Slekt: Cecropis
Art: C. cucullata
Vitskapleg namn
Cecropis cucullata
Boddaert, 1783

Smalstripesvale (Cecropis cucullata) er ei stor svale. Ho hekkar i det sørlege Afrika, hovudsakleg i Sør-Afrika, Namibia og sørlege Zimbabwe. Ho er trekkfugl som overvintrar lenger nord i Angola, Tanzania og Sør-Zaire.

Smalstripesvale er 18-20 cm lang. Ho har mørkeblå overside med ein bleik oransje overgump og kastanjefarge på krone, nakke og på sidene av hovudet. Undersida av kroppen og underdekkfjørene på vengene er kremkvite med mørke striper, og oversida av vengene og underside av svingfjørene er gråsvart-brune. Den gråsvarte halen har svært lang ytre fjører, desse er litt lengre på hannar enn hoer. Ungfuglar er mattare og brunare, med mindre kontrast og kortare ytre halefjør. Flyginga er langsam og spenstig, og lætet er eit kvittrande sjissikk.

Denne arten kan skiljast frå den mindre breistripesvale, Cecropis abyssinica, i at sistnemnde arten har tyngre og mørkare striper på undersida, ein djupare raud overgump, og ei ljosare farge på hovudet. Breistripesvala føretrekkjer òg mindre opne habitat.

Smalstripesvala er ein fugl med habitat på tørt opent land, slik som grassletter, og har ein preferanse for åsar og fjell. Dei unngår meir skogkledde område, men er ofte funne rundt menneskeleg busetjing.

Denne svala byggjer eit halvkuleforma reir av tørka gjørme med ein røyrforma sideinngang festa til undersida av ein eigna struktur. Reiret har eit mjukt fôr, og blir ofte gjenbruka kommande år. Reiret kan bli bygd i ei grotte eller under ei fjellblokk eller eit nedfalle tre. Denne arten har drege nytte av evna til å bruke bygningar, bruer, kulvertar og liknande menneskeskapte strukturar. Om dei har valet, vil dei velje ein høgtliggjande plass til reiret.

Egga er skinnande kvite med nokre få brune flekker, tre egg er eit typisk kull. Hoa gjer ruginga åleine i 17-20 dagar til klekking. Begge foreldra matar ungane. Det tar 23-30 dagar til ungane er flygedyktige, men dei unge fuglane kjem tilbake til reiret for å kvile i eit par dagar etter den første flygeturen.

Smalstripesvala er ein vanleg art i utbreiingsområdet, ikkje redd for menneske, og har drege nytte av tilgjenge av reirstader rundt bustadar. Ho lever hovudsakleg av flygande insekt, men har vore kjent for å ete små frukter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]