Smalt dunkjevle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smalt dunkjevle


Smalt dunkjevle

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Typhaceae
Slekt: Typha
Art: T. angustifolia
Vitskapleg namn
Typha angustifolia

Smalt dunkjevle er ei av to norske plantar i dunkjevlefamilien (Typhaceae). Det er ei fleirårig vassplante som kan bli to meter høg, og veks i vatn, stundom brakkvatn. Ho har særs smale (1 cm) blad og både hoaks og hanaks på same planta. Hoakset er den mørke kjevla, hanakset den lyse dusken øvst. Blada blir ikkje høgare enn akset. Den mest synlege skilnaden på smalt dunkjevle og breitt dunkjevle er at han- og hoaks ikkje går i kvarandre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.