Smedjebackens kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smedjebackens kommun
Smedjebacken vapen.svg
Kommunevåpenet til Smedjebackens kommun
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Smedjebacken
Areal 1 063,77 km²
 – Landareal 953,89 km²
 – Vassareal 109,88 km²
Folketal 10 715
Folketettleik 11,23/km²
Kommunenummer 2061
Nettside www.smedjebacken.se
Kart
Smedjebacken Municipality in Dalarna County.png

Smedjebackens kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Dalarnas län, Ludvika kommun i vest og Säters kommun og Hedemora kommun i nord. I tillegg grensar han til Ljusnarsbergs kommun og Lindesbergs kommun i Örebro län i sørvest og Norbergs kommun, Fagersta kommun og Skinnskattebergs kommun i Västmanlands län i aust og søraust. Administrasjonssenteret i kommunen er Smedjebacken.

Smedjebacken er ein gammal bruksort som ligg ved sjøen Barken i vassystemet til Kolbäcksån. Gjennom tettstaden renn vatnet ned mot Mälaren gjennom Strömsholms kanal via Fagersta, Virsbo, Surahammar, Hallstahammar og Kolbäck. Sørvest i kommunen renn vassystemet til Hedströmmen ned mot Mälaren via Köping.

Landskapet i kommunen kupert og oppsprukke. Det er mange vatn og mykje myrmark. Smedjebackens kommun er ein del av Bergslagen og har lange gruvetradisjonar, men i dag har industriproduksjon teke over mykje med mellom anna stål- og verkstadindustri. Mange i kommunen pendlar, og då særleg til Ludvika.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Municipalsamhället Smedjebacken vart i 1895 innlemma i Norrbärke landskommun. Dette området fekk i 1918 namnet Smedjebackens köping og braut ut av Norrbärke kommun. Ved kommunereforma i 1952 vart Malingsbo kommun slått saman med Söderbärke kommun. Det vart ikkje gjort forandringar i Smedjebackens köping og Norrbärke landskommun. I 1967 vart Norrbärke innlemma i köpingen. I 1971 vart denne gjord om til Smedjebackens kommun, og i 1974 vart også Söderbärke innlemma.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Eit delt skjold, det øvste feltet i sølv med ein raud tomasta seglbåt med sette segl, det nedste feltet i raudt med tre raude tannhjul, to øvst og eitt nedst..[1]

Våpenet vart fastsett for köpingen i 1947. Slk det var vanleg i Dalarna, hadde også Norrbärke og Söderbärke eigne våpen. Desse gjekk ut av bruk og våpenet til köpingen vart registrert for kommunen i 1980.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er seks tettstader i Smedjebackens kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Smedjebacken 5 121
2. Söderbärke 939
3. Ludvika1 392
4. Hagge 382
5. Vad 302
6. Gubbo 227

1 Ein mindre del av tettstaden ligg i Smedjebackens kommun, mesteparten ligg i Ludvika kommun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sköld delad, övre fältet silver, vari en röd tvåmastad segelbåt med seglen satta, undre fältet rött, vari tre kugghjul av silver, ordnade två och ett.».