Smeerenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Restar av verksemda i Smeerenburg

Smeerenburg er ein tidlegare nederlandsk kvalfangststasjon nord-vest på Svalbard. Området er rekna som eit viktig kulturminne. Kring 1620 etablerte nederlendarar verksemd på ei øy dei kalla Amsterdamer Eyland (Amsterdamøya). Smeerenburg fungerte som senter for kvalfangstverksemda nord på Svalbard. Namnet Smeerenburg tyder 'spekkbyen' på nederlandsk.

Kring 1660, med nedgang i kvalfangsten, vart busetnaden fråflytta. I 1973 vart ruinane av Smeerenburg ein del av den norske Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.

Ingen stad på Svalbard er det så mykje spekkbetong (smelta spekk og sand) i tilknyting til omnane som her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]