Smeltevarme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Smeltevarme er den varmen som skal til for å gjere fast stoff flytande ved ein gjeven temperatur, smeltepunktet. Smeltetemperaturen varierer frå stoff til stoff. Varmen tilfører stoffet energi som blir lagra som latent varme. Stoffet gjev frå seg denne latente varmen når det frys.

Smeltevarmen for is er 334 joule/g, stål 205 joule/g og bly 23 joule/g.

Smeltevarme for å unngå frost[endre | endre wikiteksten]

Effekten med den frigjorte latente varmen kan til dømes nyttast av bønder som vil hindre frostskader på avlingane sine. Mange planter toler temperaturar omkring frysepunktet til vatn (0 °C), og sidan vatn òg gjev frå seg latent varme når det frys, hindrar det temperaturen å søkke noko særleg lågare. Derfor kan ein sprute vatn på avlingane og på den måte halde temperaturen konstant rundt 0 °C og unngå frostskadar som kan oppstå ved lågare temperaturar. Ein må derimot sørgje for å konstant tilføre vatn som frys så lenge temperaturen er under frysepunktet, elles vil temperaturen til isen på avlingane falle. Faren med dette er at tyngda av den akkumelerte isen kan verte så stor at avlingane vert skada på den måten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]