Smiley Smile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smiley Smile
Studioalbum av The Beach Boys
Språk engelsk
Utgjeve 18. september 1967[1]
Innspelt 3. juni til 14. juli 1967
Bortsett frå «Good Vibrations»: Sporadisk frå
18. februar til
11. september 1966, delar av akkompagnementet til «Heroes and Villains»: Oktober 1966 og avsluttinga på «Vegetables»: April 1967
Sjanger Psykedelisk pop, psykedelisk rock
Lengd 27:36
Selskap Brother/
Capitol
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi 
Pet Sounds
(1966)
Smiley Smile Wild Honey
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
Blender5/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[4]
MusicHound4.5/5[5]
Pitchfork Media
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[7]

Smiley Smile er det tolvte albumet til The Beach Boys og kom ut i 1967. Albumet kom ut i staden for det mykje omtalte albumet Smile og vert rekna som underprodusert og då det kom ut vart det møtt med likegyldigheit og forvirring.[8] Statusen til Smiley Smile har likevel vokse med åra og det har vorte ein kultfavoritt.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter «Good Vibrations» toppa singellistene seint i 1966 var det store forventningar til Smile-prosjektet.[9] Men i mai 1967 vart albumet avlyst og The Beach Boys trekte seg som ein av hovudattraksjonane på Monterey Pop Festival. Det opphavlege prosjektet (som tok lenger tid enn noko anna Beach Boys-album tidlegare) vart skrinlagt. Albumet vart hovudsakleg spelt inn i det nye heimestudioet til Brian Wilson i Bel Air i løpet av juni og juli, og inneheld forskjellige utgåver av songar som var meint for Smile («Heroes and Villains», «Wind Chimes», «Vegetables» og «Wonderful») og andre songar som raskt vart raska saman. Berre «Good Vibrations» er originalutgåva. «Good Vibrations» vart inkludert for å auke salstala, sjølv om Brian Wilson var sterkt imot dette.

Smiley Smile til slutt kom ut i september, etter månader med intensiv publisitet, var kritikarane stort sett lite entusiastiske og albumet nådde berre 41. plass i USA.[10] I Storbritannia gjorde albumet det noko betre nokre månader seinare og nådde 9. plass.

Smiley Smile vert rekna som det mest kontroversielle Beach Boys-albumet. Mange tilhengjarar meiner det var ein massiv fiasko, medan andre ser på det som eit av dei mest særeigne albuma i 60-åra. Pete Townshend frå The Who er kjend som ein stor tilhengjar av albumet, og det same er Robbie Robertson frå The Band.

Smiley Smile markerte starten på slutten for Brian Wilson som den kreative leiaren i The Beach Boys. Sjølv om albumet i hovudsak er produsert av han, var produksjonen for første gong tilskriven heile gruppa. Dei neste åra og albuma vart Wilson mindre og mindre involvert i musikkproduksjon, og det var først i 1976 med 15 Big Ones at Wilson igjen vart tilskriven som produsent.

Smiley Smile finst i dag på CD i lag med Wild Honey og bonusspor frå perioden. I Australia vart Smiley Smile gjeven ut som The Beach Boys.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Heroes and Villains» (Brian Wilson, Van Dyke Parks)Brian Wilson på vers, Alan Jardine på refreng3:37
2.«Vegetables» (Wilson, Parks)Alan Jardine og Brian Wilson med Mike Love2:07
3.«Fall Breaks and Back to Winter (Woody Woodpecker Symphony)»korvokal av bandet2:15
4.«She's Goin' Bald» (Brian Wilson/Van Dyke Parks/Mike Love)Mike Love, Brian Wilson, Dennis Wilson og Al Jardine2:13
5.«Little Pad»Brian Wilson, Carl Wilson og Mike Love2:30
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
6.«Good Vibrations» (B. Wilson, Love)Carl Wilson, Mike Love og Brian Wilson3:36
7.«With Me Tonight»Carl Wilson2:17
8.«Gettin' Hungry» (B. Wilson, Love)Mike Love og Brian Wilson2:27
9.«Wonderful» (Wilson, Parks)Carl Wilson2:21
10.«Whistle In»Carl Wilson og Mike Love1:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Britiske album (OCC)[11] 9
US Billboard 200[12] 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Smiley Smile» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Smiley Smile/Wild Honey CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "Look! Listen! Vibrate! Smile!", Domenic Priore, c.1995
    • "Catch a Wave", Carlin, c. 2006
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "The Beach Boys - The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage and in the Studio", Keith Badman, c. 2004
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955–2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955–2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. oktober 2009, henta 11. september 2009 
  2. Unterberger, Richie. «Smiley Smile». AllMusic. Henta October 31, 2012. 
  3. Wolk, Douglas (October 2003). «Smiley Smile/Wild Honey». Blender. Arkivert frå originalen June 30, 2006. 
  4. Larkin, Colin, red. (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). London: Oxford University Press. s. 479. ISBN 978-0-19-531373-4. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 83. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Owen, Spencer (March 29, 2001). «Smiley Smile/Wild Honey». Pitchfork. 
  7. Brackett & Hoard 2004, s. 46.
  8. 8,0 8,1 Carlin A., Peter. Catch a Wave: The Rise, Fall Redemption of the Beach Boys' Brian Wilson. Rodale Inc, 2006, ISBN 1-59486-320-2 s. 129
  9. allmusic - Smiley Smile
  10. allmusic om Smiley Smile
  11. "Beach Boys | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta May 27, 2017.
  12. "The Beach Boys Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Beach Boys. Prometheus Global Media. Henta May 27, 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]