Smith & Wesson 1910

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den amerikanske revolvermodellen Smith & Wesson 1910 (Smith & Wesson Military and Police) har 6 skot, vanlegvis i kaliber .38 Special. Han har faste sikte og til vanleg 4, 5 eller 6 tommar langt løp.

Dei Smith & Wesson 1910 som vart laga under andre verdskrigen har ein V stempla framanfor serienummeret, og blir kalla Victory Model. Mange av desse, over ein halv million, vart sende til Storbritannia, Canada, Australia, New Zealand og Sør-Afrika, laga i det britiske .38-kaliberet (.38/200) som alt var i bruk i britiske Enfield- og Webley-revolverar.

Victory Model vart au bruka av amerikanske styrkar under andre verdskrigen, da i kaliber .38 Special. Somme av desse revolverane var i teneste i visse einingar av det amerikanske militæret og i kystvakta til 1990-talet.

Mestedelen av det norske politiet har enno dette våpenet som tenestepistol.

Som tilnamnet Military and Police seier, var denne revolveren konstruert for militært- og politibruk, og var ein stor suksess, så stor at han framleis er i produksjon.

Eksternt[endre | endre wikiteksten]

[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen [2]