Smolarefossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smolarefossen

Smolarefossen er den høgaste fossen i Nord-Makedonia med eit totalt fall på 39,5 meter. Han ligg oppfor landsbyen Smolare i Novo Selo kommune søraust i landet.

Fossen er ein del av elva Lomnitsa og ligg djupt i Belasitsafjella i ei høgd på 630 meter over havet. Fossen er omgjeve av hundre år gamle bøketre og vert vitja av mange turistar året rundt.

Det er bygd ei bru over elva slik at turistane kan sjå fossen like nedanfor fallet. I 2007 opna ein liten marknadsplass i same området der dei lokale innbyggjarane sine sel varer som frukt og grønsaker, honning og handverk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]