Smyrna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om byen frå den greske antikken. For den moderne byen, sjå İzmir.
Smyrna
Σμύρνη
ruinby
Agora i Smyrna
Land  Tyrkia
Koordinatar 38°25′26″N 27°8′34″E / 38.42389°N 27.14278°E / 38.42389; 27.14278
Kart
Smyrna
38°25′26″N 27°08′34″E / 38.423889°N 27.142778°E / 38.423889; 27.142778
Wikimedia Commons: Smyrna

Smyrna (gammalgresk Σμύρνη eller Σμύρνα) var ein by i antikken som låg sentralt og strategisk til ved kysten av Egearhavet i Anatolia. Byen hadde ei god hamn med gode samband innover i landet, og var i tillegg lett å forsvare. Dette medverka til at Smyrna blømde raskt. Den aitkken byen ligg to stader innanfor den moderne byen İzmir i Tyrkia. Den første staden var truleg grunnlagd av dei opphavlege folka som heldt til her under arkaisk tid som ein av dei viktigaste greske busetnadane i Vest-Anatolia. Den andre vart grunnlagd under Aleksander den store og vart ein storby under tida til Romarriket. Det meste av ruinane som finst i dag er datert til romartida, hovudsakleg etter eit kraftig jordskjelv som råka staden på 100-talet evt.

For å skilje dei to busetnadane snakkar ein ofte om Gamle Smyrna, som vart grunnlagd kring 1100-talet fvt. og sjølve Smyrna, som var den nye byen grunnlagd kring 300 talet fvt.

Gamle Smyrna låg på ei lita halvøy knytt til fastlandet via eit smalt eid nordaust i den indre İzmirbukta, ved enden av ei frodig slette og ved foten av Yamanlar. Nye Smyrna utvikla seg seinare i fjellsida av Pagos (i dag Kadifekale) og langs kysten av bukta.

Kjernen i den seine greske og tidlege romerske Smyrna dannar i dag det store İzmir Agora friluftsmuseum. Det vert i dag drive utgravingar i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]