Snåsa kommune
| Snåsa kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1736 |
| Fylke | Nord-Trøndelag |
| Adm.senter | Snåsa |
| Areal | 2329 km² |
| Folketal | 2 148 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2003-) | Vigdis Hjulstad Belbo (Sp) |
| Språk |
Norsk målform: Nøytral |
| Nettstad | www.snasa.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Snåsa kommune på Commons | |
Snåsa (sørsamisk Snåase) er ein kommune i Nord-Trøndelag fylke som grensar til Steinkjer, Verdal, Lierne, Grong og Overhalla. Han ligg nær det geografiske midtpunktet i Noreg.
Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september 2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første, innlemma i forvaltningsområdet for samelovas språkreglar, og dermed offisielt tospråkleg.[2]
Innhaldsliste |
Natur [endre]
Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.
Orkideen marisko er avbilda i kommunevåpenet.
Næring [endre]
Næringslivet i Snåsa er i stor grad landbruk, med industri utvikla med utgangspunkt i naturprodukt i kommunen, som tømmer og stein.
Kommunen er eit trafikknutepunkt som både Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom.
Verd å vitja [endre]
- Bergsåsen naturreservat på ein kalkrygg sentralt i Snåsa
- Blåfjella-Skjækerfjella Nasjonalpark
- Gaundalen og Gjefsjø, to av tre norske fjellgardar som framleis er i drift
- Finsås, skogmuseum
- Megard kyrkestad, som har ei kjelde som skal vera signa av Heilag-Olav
- Saemien Sijte, kultursenter for den sørsamiske kulturen
- Snåsa Bygdemuseum i Viosen
- Snåsa kyrkje, ei steinkirke der dei eldste delane er frå det 13. hundreåret
Bakgrunnsstoff [endre]
Referansar [endre]
| Kommunar i Nord-Trøndelag | ||
|---|---|---|
| Flatanger · Fosnes · Frosta · Grong · Høylandet · Inderøy · Leka · Leksvik · Levanger · Lierne · Meråker · Namdalseid · Namsos · Namsskogan · Nærøy · Overhalla · Røyrvik · Snåsa · Steinkjer · Stjørdal · Verdal · Verran · Vikna | ||