Snæfellsjökull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snæfellsjökull
Snæfellsjökull
Snæfellsjökull
Høgd over havet 1 446 moh
Ligg i/på Island sitt flagg Island
Primærfaktor Over 1 200 m
Koordinatar 64°48′N 23°47′WKoordinatar: 64°48′N 23°47′W
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 200 e.Kr. ± 150 år

Snæfellsjökull (islandsk uttale snæi-fedls-jøkudl) er ein sovande stratovulkan dekt av ein isbre vest på Island. Namnet på fjellet er eigentleg Snæfell (og tyder «snøfjell») men vert som regel kalla «Snæfellsjökull» for å skilje det frå to andre fjell med same namn. Det ligg heilt vest på halvøya Snæfellsnes. Stundom kan ein sjå fjellet og breen frå Reykjavík på andre sida av bukta Faxaflói, 120 km borte.

Fjellet er ein av dei mest kjende stadane på Island, hovudsakleg på grunn av romanen Reisa til jordas indre (1864) av Jules Verne, der hovudpersonane finn inngangen til senteret av jorda på Snæfellsjökull.

Fjellet er ein del av Snæfellsjökull nasjonalpark (islandsk: Þjóðgarðurinn Snæfellsjökull).

Historie og fiske[endre | endre wikiteksten]

Soga om Bård Snæfellsås er ei av dei mest kjende islendingesogene som finn stad i dette området. Ein har funne arkeologiske spor etter busetnadar her som er 1100 år gamle, mellom anna Forni-Saxhóll-garden, Berutóftir og Írskubúðir. Nær Gufuskálar står det mange kuppelforma strukturar av ukjend opphav, som ein meiner er mellom 500 og 700 år gamle. Dei er sannsynlegvis dei eldste minna frå fiskeindustrien i Norden. Enkelte meiner derimot at dette er ein stad der det vart utført bøn og meditasjon av irske munkar som kan ha halde til i området.

Fisket blømde på 1200-talet og folketalet auka i områda rundt isbreane. Det vart bygd ei kyrkje på åsen Ingjaldshóll før år 1200. Storleiken på kyrkja viser kor høgt folketalet var i dei nærliggande grendene, i det minste under fiskesesongen. Det vart rikt fiske i nærleiken og det vart oppretta fiskestasjonar der det var god tilgang til open sjø. Dritvík er eit av dei mest kjende døma. Det var ein stor fiskestasjon med 40-60 båtar og 200-600 tilsette. Fisket minka på Snæfellsnes1800-talet på grunn av betre fisketekninkkar.

Av tettstader nær nasjonalparken finn ein mellom anna Hellissandur, Rif og Ólafsvík. Dei var alle fiske- og handelssenter, og i dag er dei framleis fiskehamner og levande samfunn.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Snæfellsjökull nasjonalpark er den einaste nasjonalparken på Island som strekkjer seg til kysten og dekkjer eit areal på 170 km². I sør strekkjer parken seg til Háahraun i området Dagverðará, medan dei nordlege områda strekkjer seg til Gufuskálar. Kysten er variert med eit yrande fugleliv i hekkesesongen. Kystsletta er stort sett dekt av lava som har strøymd hit frå isbreen eller nærliggande krater. Lavaen er dekt av mose, men innimellom finn ein groper med forskjellig vegetasjon. Snæfellsjökull har spor etter lava og vulkansk aktivitet. På nordsida skjer Eysteinsdalur seg opp frå sletta nedanfor med bratte fjell rundt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snæfellsjökull

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Thordarson, Thor & Hoskuldsson, Armann Iceland (Classic Geology in Europe 3) - Terra Publishing (2002) s. 2081-903544-06-8