Snæfellsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Snæfellsnes.

Snæfellsnes er ei halvøy vest for Borgarfjörður vest på Island.

Her ligg mellom anna vulkanen Snæfellsjökull, som vert rekna som eit nasjonalsymbol for Island. Med ei høgd på 1 446 meter over havet er han det høgaste fjellet på halvøya og har ein isbre på toppen. Ein kan sjå vulkanen frå Reykjavík på klåre dagar, ein avstand på om lag 120 km. Fjellet er òg kjend frå romanen Reisen til Jordas indre av den franske forfattaren Jules Verne.

Halvøya er òg åstad for Soga om Laksadøla og var fødestaden til dei vestnorrøne medlemmane av væringargarden, Bolli Bollasson. Andre historiske folk som levde i området i følgje sagaen var Guðrún Ósvífursdóttir, Bolli Þorleiksson og Snorre Gode.

Arnarstapi på Snæfellsnes

Området rundt Snæfellsjökull har vorte omgjort til nasjonalpark av den islandske regjeringa.

Av lokale fiskebygder og små tettstader på nordsida av Snæfellsnes har ein Rif, Ólafsvík, Grundarfjörður, Stykkishólmur og Búðardalur.

Nær Hellissandur står den høgaste konstruksjonen i Vest-Europa, radiomasta ved Hellissandur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snæfellsnes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 64°51′29″N 23°06′54″W