Snøballjorda
Snøballjorda (av engelsk: Snowball Earth) er ein hypotese som prøver å forklare ei rekkje fenomen i geologiske lagrekkjer gjennom å føreslå ei istid under yngre proterozoikum (1 000–542 millionar år sidan) som var så alvorleg at heile jorda var dekka av isbrear. Uttrykket «Snowball Earth» vart først nytta i 1992 av Jospeh Lynn Kirschvink ved California Institute of Technology.
Hyoptesen kom til som følgje av forsking på «atomvinteren» under den kalde krigen, men vart lenge avfeidd av forskarar på grunn av utrekningar som ein russisk matematikar gjorde der han viste at jorda aldri ville tine opp igjen om noko slikt inntraff. Tilhengjarar av teorien meiner derimot at vulkansk aktivitet kan sjølv få ei jord som er heilt dekka av isbrear til å tine opp igjen.
Paul F. Hoffman ved Harvard University støttar teorien om snøballjorda og peikar mellom anna på flyttblokker, som berre kan eksistere som følgje av isbresmelting, i Namibørkenen. Det er vanskeleg å forklare eksistensen til desse flyttblokkene på annan måte enn med denne teorien, sidan det ikkje finst nokre andre geologiske teoriar som kan forklare førekomsten av glasiale avleiringar i Namibia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Snöbollsjorden» frå Wikipedia på svensk, den 18. august 2008.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- BBC Horizon, 22 februar 2000, Snowball Earth''
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: