Snøkanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøkanon i Sveits. (Foto: Roland Zumbühl)

Ein snøkanon er ein maskin brukt til å laga kunstig snø. Maskinen verker ved å atomisera vatn ved hjelp av trykkluft for så å lata det kondensera til kunstsnø. Maskinen blir ofte brukt i skibakkar i tillegg til vanleg snø for å forlenga skisesongen. Kunstsnøen er òg slitesterk og vert mellom anna nytta i skiidrett for å mest mogeleg like konkurransevilkår.

Snøkanonar som nytta høgt trykk kom først i bruk i 1960-åra, via eit langt røyrsystem. Viftekanonen er større med nyare teknologi, som produserer trykkluft på staden. Begge teknologiane krev derimot mykje energi, og meir enn 300 000 kWh/år er ikkje uvanleg. Viftekanonen nyttar derimot minst energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]