Snøkrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøkrabbe


Daegu Yeongdeok crab.jpg

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Underorden: Pleocyemata
Infraorden: Brachyura
Familie: Majidae
Slekt: Chionoecetes
Vitskapleg namn
Chionoecetes opilio

Snøkrabbe (Chionoecetes opilio) er utbreidd i Stillehavet frå Japan til Beringstredet og i Atlanterhavet frå Cape Cod til Vest-Grønland. Krabben er òg funnen i Barentshavet, første registrering var i 1996. Krabben har formeira seg kraftig, og russiske teljingar tyder på at snøkrabben kan vere like talrik som kongekrabben. Det latinske namnet tyder 'snøgjetar'.

Snøkrabben er ein viktig kommersiell art. Den canadiske fangsten var på 105 000 tonn i 2002, medan den grønlandske fangsten var på 12500 tonn.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Snøkrabben er botnlevande og finst både på leire, sand og hardbotn. Unge individ og hoer finst stort sett på grunnare vatn enn hannane. Dei lever av ymse botndyr som til dømes andre krepsdyr, muslingar, slangestjerner, børstemakk og kråkebollar.

Paringstida er tidleg på våren eller seint på vinteren. Hokrabbar går med utrogn i om lag eit år, og dei klekker rett før neste paring. Larvane lever i dei frie vassmassane i nokre månadar før dei går over til å leva på botnen tidleg på hausten.

Krabben veks sakte; det tek 8-9 år frå klekking til krabben vert stor nok til å nyttast kommersielt. Han veks ved skalskifte, og det tek 3-6 månadar før skalet vert hardt etter dette. Små krabbar skiftar skal årleg, medan større individ ofte kan gå opptil to år med same skal.

Både hjå hannar og hoer stoppar veksten etter det siste skalskiftet. Det er ved dette tidspunktet dei vert kjønnsmogne. Hannar er då mellom 58 og 165 mm breie, medan hoer er frå 50 til 100 mm. Krabbane kan leva i opp til 5 år etter det siste skalskiftet. Gamle krabbar er oftast lite aktive og i særs liten grad viktige i fangstane. Ein reknar at hannkrabbar er tilgjengelege for kommersielt fiske i ein 3-4 år etter at dei vert kjønnsmogne.

Snøkrabbe i Barentshavet[endre | endre wikiteksten]

Dei første funna av snøkrabbe i Barentshavet vart i 1996 ved Gåsbanken aust i Barentshavet. Fram til 2000 registrerte russiske forskarar totalt 19 funn av snøkrabbar av båe kjønn, alle i dei austlege delane av området. Mellom individa var det òg hoer med rogn.

Det er usikkert korleis krabben har kome seg til Barentshavet, men ein reknar med at hovudårsaka er ballastvatn frå tankskip. Fleire naturvernorganisasjonar har kravd internasjonale avtalar om ballastvatn for å hindra framande artar i å spreie seg.

Russiske forskarar har rekna bestanden i den russiske delen av Barentshavet til om lag 1 million vaksne individ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]