Snøras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snøras ned ei fjellside.
Eit snøras i Himalaya

Snøras, òg kalla snøskred, fonn eller lavine, er ei nemning på eit ras av snø og is ned ei fjellside eller frå ei høgd til ei anna. Små snøras kan til dømes kome frå hustak. Eit slikt ras oppstår når snø bygger seg opp i ei skråning, og til slutt gjev etter for tyngdekreftene. Eit snøras er altså eit døme på ein tyngdestraum av granulært material.

Eit stort snøras kan flytte seg mange kilometer, og gjere kolossale øydeleggingar i skogområde og på andre ting som måtte kome i vegen. Ikkje berre sjølve snøen kan gjere store skader; i mange høve er òg den kraftige vinden eller luftstraumen som raset lager framføre seg, særs farleg og skadegjerande.

Landsbyen Montroc i Frankrike vart i 1999 råka av eit snøras av 300 000 kubikkmeter snø ned ei skråning på 30 grader. Raset fekk ein fart på rundt 100 km/t, og dekte ei rekkje fjellhytter med 100 000 tonn snø i eit 5 m tjukt lag. 12 menneske mista livet og ordføraren i Chamonix vart erklært skuldig i forsettleg drap for ikkje å ha evakuert området, men fekk ein dom med vilkår.

Under 1. verdskrig omkom over 60 000 soldatar som følgje av snøras i Alpane. Mange av desse rasa vart utløyst av artillerield, men det er tvilsamt at snøras vart brukt som eit tilsikta våpen. Å føresjå snøras er vanskeleg sjølv om ein har detaljerte vêrrapportar og prøver frå snølaga, så det ville ha vore bortimot umogeleg å føresjå snøras mange kilometer bak fiendane sine rekkjer.

Eit ras der snømassane er fuktige eller klebrige (kram) vert kalla kramras eller kramfonn, medan tørre og lause snømasser gjev mjellfonn («mjell» tyder 'tørr, lett, laus').[1][2][3]

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Snøras oppstår når tyngda av dei øvre snølaga vert større enn bindekrafta mellom dei forskjellige snølaga. Å avgjere den kritiske vekta som må til for å utløyse eit snøras er derimot komplisert og involverer mange faktorar som terreng, snøtilstand og vêr.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

  • Kor bratt ei skråningar er — skråningar under 25 grader og over 60 grader har vanlegvis liten sjans for snøras på grunn av friksjonsvinkelen til snø. I bratte skråningar vil det ikkje samle seg opp nok snø og i slake skråningar er det liten sjans for at snøen skal byrje og rase. Dei fleste snørasa oppstår i skråningar med ein vinkel mellom 35 og 45, og størst fare er det i skråningar på 38 grader. Dette er dessverre òg skråningar som er mest populære innan skisport.
  • Retning — Dei tre viktigaste variablane som avgjer korleis snølaga vert er temperatur, nedbør og vind. På midlare breidder på nordlege halvkule skjer dei fleste ulukkene i skuggelagte skråningar mot nord og nordaust. Skråningar som ligg i le for vinden akkumulerer meir snø og fører til område med lokalt djup snø og snøflak.
  • Profil — Konvekse skråningar (som bøyer utover) er statistisk sett farlegare enn konkave skråningar. Årsaka til dette er menneskeleg påverknad og strekkfastleiken til snølaga kontra trykkfastleiken.
  • Overflate — Store snøras er vanlegare på glatte underlag som gras eller flat stein. Vegetasjon er viktig for å halde på eit snølag, men av og til kan den skape svakare område i snølaget.

Snø[endre | endre wikiteksten]

Stukturen i eit snølag er med på å avgjere faren for snøras. For å få snøras må ein ha eit svakt snøflak under (eller instabiltet) under eit anna snøflak. Dessverre er forholdet mellom eigenskapane til snølaga (styrke, kornstorleik, korntype, temperatur) og snørasfare komplisert og noko ein ikkje heilt forstår enno. I tillegg varierer snødjupna frå stad til stad og dermed òg stabiliteten til snøen. Snøskavlar på toppen av skråningar kan òg rase ut.

  • Nysnø — Ny snø har ikkje fått nok tid til å feste seg til laga under, særleg viss den er lett og pudderaktig.
  • Snødjup — Snø som ligg over steinar og planter i ei skråning har ikkje desse naturlege lekamane og feste seg til, og er derfor farlegare. Naturlegvis er dette òg snø ein treng i skisport.
  • Storleiken på snøkrystallane — Hovudsakleg gjeld det at jo større krystallane er, jo svakare er dei.
  • Kor kompakt snøen er — Kompakt snø har mindre sannsyn for å flytte på seg enn lette puddersnølag.

Vêr[endre | endre wikiteksten]

Vêr avgjer korleis snøflaka utviklar seg. Det viktigaste faktoren er solinnstråling, strålingsavkjøling, temperaturgradientar i snøen og mengd og type snø. Dei fleste snøras oppstår under og like etter uvêr.

  • Temperatur — Viss temperaturen er høg nok til at den daglege temperaturvariasjonen inneber frysing og smelting, vil dette forsterke snøflaka medan det frys, og svekke dei medan dei smeltar. Temperaturar langt over frysepunktet kan få heile skråningar til å rase ut, særleg om våren. Temperatur som held seg under frysepunktet kan føre til at snøen ikkje får auka stabiliteten, og det kan dannast rim djupt i snølaga der det er store temperaturgradientar i snøen. Tynne lag med «fasetterte korn» kan oppstå over eller under skare når temperaturengradientane blir store gjennom skaren.
  • Vind — sjølv forholdsvis svak vind kan samle opp snø i skråningar som ligg nedstraums vindretninga. Trykket frå vinden kan derimot òg stabilisere andre skråningar. Snøskavlar har ein spesielt skrøpeleg struktur — tett pakka i saman, men med svake sideflater. Sjølv på ein klår dag kan vind samle opp snø i store snøskavlar. Dette kan skje enten vinkelrett på fallinja til skråninga, eller parallelt med fallinja. Når vinden bles over toppen av eit fjell, vil det dannast snøskavlar på toppen av lesida av fjellet. Når vinden bles over ein rygg som til dømes fører opp til fjellet, kan snøen samle seg opp vinkelrett på fallinja. Desse snøskavlane er ofte vanskelegare å få auge på, og er ofte mindre stabile enn snøskavlane på toppen av ei skråning.
  • Kraftig snøfall — Kraftig snøfall kan føre til instabilitet, både fordi det fører til ekstra tyngde i snølaget og fordi snøen ikkje har tid nok til å feste seg.
  • Regn — Fører til instabilitet ved at snøen vert tyngre, og at dei lågare snølaga vert fuktige.

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Å gå på ski i fjellandskap om vinteren er aldri 100 % trygt. Å unngå snøras er ein kontinuerleg prosess der ein må velje rute og undersøke snølaga, vêrforholda og menneskelege faktorar. Fleire velkjende gode vanar kan minimere faren. Viss lokale styresmakter sender ut varsel om snørasfare bør ein vere på vakt og ta omsyn. Ein bør ikkje følgje i spora til andre utan at ein har gjort seg opp ei eiga meining om det er trygt å ferdast der eller ikkje — snøforholda kan ha endra seg. Sjå på terrenget og merk deg opplagde rasutsette skråningar der det manglar vegetasjon eller der vegetasjonen er øydelagt. Unngå òg å gå like bak andre som kan utløyse eit ras.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Snøskjermar i Sveits

Det er fleire måtar å hindre snøras og redusere krafta deira og øydeleggingane. Dette blir gjort i område der snøras utgjer ein fare for menneskeliv, slik som skisenter, fjellandsbyar, vegar og jernbane. Sprengstoff vert ofte brukt for å hindre snøras, særleg nær skisenter der andre metodar ofte er upraktiske. Sprengladningar vert brukt til å utløyse små ras før snøen har bygd seg opp så mykje at større snøras kan utløysast. Snøskjermar og lette veggar vert brukt til å styre plasseringa av snøen. Snøen bygg seg opp rundt skjermane, særleg på den sida vinden vanlegvis kjem frå. På andre sida av skjermen vert det då mindre snø. Visst det veks tre i skråninga og trea står tett nok, kan det i stor grad motverke snøras. Dei held snøen på plass og viss eit snøras oppstår vil det bli svekka når det møter trea. Treplanting er ein av metodane for å hindre snøras.

Kunstige hindringar kan effektivt redusere skadane frå snøras. Det finst forskjellige hindringar. Ein type er eit nett mellom to stolpar som er festa med bardunar i tillegg til fundamentet deira. Dette er hindringar som liknar dei ein bruker for å motverke steinras. Andre typar hindringar er kraftige gjerde, som kan vere laga av stål, tre eller forspent betong. Det er vanlegvis litt avstand mellom dei og dei vert bygd vinkelrett på skråninga. Slike vern vert ofte rekna for å vere stygge, særleg sidan ein ofte treng fleire rekkjer av dei oppover fjellsida. Dei er i tillegg dyre og kan få skadar i sommarmånadane på grunn av fallande steinar. I tillegg har ein hindringar som stoppar eller bøyer av snørasa med vekta og styrken sin. Desse hindringane er bygd av betong, stein eller jord. Dei vert vanlegvis plassert like ovanfor bygningar, vegar eller jernbanar som dei skal verne, men dei vert òg brukt til å leie snørasa inn i andre hindringar. Av og til vert jordhaugar plassert i vegen for snørasa for å redusere farten deira.

Skigrupper[endre | endre wikiteksten]

  • Skråkøyring - skråkøyring bør ein unngå for å gjere avstanden på tvers av skråninga så liten som mogeleg.
  • Når ein er utsett for fare - ver så få folk som mogeleg i skråninga. Held avstand. Ideelt sett bør ein person passere over skråninga og inn i eit trygt område før den neste passerer. Berre stopp eller slå leir på trygge stader. Ha på varme klede for å unngå hypotermi om ein vert gravlagd. Planlegg rømmingsvegar.
  • Gruppestorleik - ikkje gå aleine. Då vil det ikkje vere augevitne som kan sjå om du vert tatt og som kan skaffe hjelp. Gruppa bør vere stor nok til at ein kan redde personar som vert tatt av snøras, men om det er for mange kan dette føre til forstyrringar i skråninga.
  • Leiarskap - visst du er i ein potensielt farleg rassituasjon bør du tenkje deg godt om kva alternativ som er tryggast før du vel ei rute.

Overleving og redning[endre | endre wikiteksten]

Snøras på Mount Timpanogos ved Aspen Grove i Utah i USA

Sjølv små snøras kan vere svært farlege, sjølv om ein er i lag med godt trente leiarar med rett utstyr. Mellom 55 og 68 % av offera som vert gravlagd av snøras døyr, og berre 80 % av offera som vert verande på overflata overlever.

Forsking i Italia basert på 422 gravlagde skigåarar indikerer korleis sjansen for å overleve fell:

  • svært raskt frå 92 % innanfor 15 minutt til bere 30 % etter 35 minutt (offera blir kvelte)
  • nær null etter to timar (offera døyr av skadar eller hypotermi)
(Historisk sett er sjansen for å overleve estimert til 86 % før 15 minutt er gått, 50 % innanfor 30 minutt og 20 % innanfor ein time).

Altså er det livsviktig at alle som overlever eit snøras er med på å redningsaksjonen i staden for å vente på hjelp utanfrå. Ekstra hjelp kan tilkallast om det er nokon som er alvorleg skada eller framleis ikkje er funne etter t.d. 30 minutt. Sjølv i godt utstyrte land som Frankrike tar det vanlegvis 45 minutt for eit redningshelikopeter å nå fram, og etter så lang tid er det ikkje mange som overlever.

I visse tilfelle vert ikkje offera etter snøras funne før til våren når snøen smeltar, eller til og med fleire år seinare når lekamar dukkar opp frå ein isbre.

Leite- og redningsutstyr[endre | endre wikiteksten]

Sjansane aukar for at eit offer blir funne i live og redda dersom alle i gruppa har med seg standard snørasutstyr, og er opplært i korleis dei skal bruke det. Dette betyr likevel at ein må gjere alt ein kan for å unngå og kome ut for rassituasjonar.

Snørassnor[endre | endre wikiteksten]

Å bruke ei snørassnor er den eldste forma for utstyr, hovudsakleg før ein hadde elektroniske sendarar. Prinsippet er enkelt. Ein om lag 10 meter lang og raud snor er festa til personen, og personen dreg snora etter seg. Viss personen blir tatt av eit ras, vil den lette snora halde seg på toppen av snøen, og på grunn av fargen er den lett synleg for redningsmannskapet. Vanlegvis har snora små jernmerke for kvar meter som indikerer retning og avstanden til offeret.

Elektroniske sendarar/mottakarar[endre | endre wikiteksten]

Elektroniske sendarar er viktige apparat om ein skulle kome ut for eit snøras. Dei sender ut eit «pip» via eit radiosignal på 457 kHz, men kan òg motta signal og finne eit offer i snøen i ein radius på 80 meter. Analoge mottakarar sender ut pip som redningsmannskapet kan tolke for å estimere avstanden til offeret, noko som krev erfaring og øving. Nokre eldre modellar sender ut signal på ein annan frekvens (2,275 kHz) og ein gruppeleiar bør sørgje for at desse ikkje lenger vert brukt.

Nyare digitale modellar kan og gje ein synleg indikasjon på retning og avstand til offeret, og krev mindre øving og erfaring. Mobiltelefonar kan forstyrre signalet, og bør derfor vere slått av under eit søk.

Sondestang[endre | endre wikiteksten]

Sondestang, slått saman

Berbare sondestenger som ein kan legge saman og sette saman kan brukast til å finne den nøyaktige posisjonen til eit offer fleire meter ned i snøen. Viss det er fleire offer, kan stengene brukast til å avgjere kven som skal reddast først. Personane som ligg nærast overflata bør gravast ut først sidan dei har størt sjanse for å overleve.

Å bruke sondestenger kan ta svært lang tid visst offeret ikkje har sendar. I USA var 86 % av 140 offer som vart funne med sondestenger sidan 1950 allereie omkomme. Berre om lag 4 % av offer som hamnar djupare ned enn 2 m overlever. Sondestengene bor brukast like etter eit visuelt søk etter spor på overflata i lag med sendar/mottakaren.

Spade[endre | endre wikiteksten]

Når eit snøras stoppar vil reduksjonen av farten komprimere snøen til ein hard masse. Spadar er derfor heilt nødvendig for å grave seg ned til offeret, sidan snøen er for hard til og gravast med berre hendene eller ski. Spadar er og nyttige til å grave snøgroper for å avgjere om det er svake lag i snøen.

Andre reiskapar[endre | endre wikiteksten]

Andre redningsreiskapar er utvikla og brukt, slik som snørasballar, vestar og luftputer basert på statistikk om at dei fleste døyr av kveling. Det finst radiosendarar som inneheld GPS, og med desse kan ein raskt finne posisjonen til offera (innanfor 100 m), men berre om personen med radiosendaren har overlevd og kan aktivere den manuelt.

Offeret[endre | endre wikiteksten]

Offer som vert tatt av eit snøras bør prøve å renne ut til utkanten av snøraset før dei dett, så kaste frå seg utstyr og prøve å gjere symjerørsler. Når snøen har lagt seg til ro, bør ein prøve å skape ei luftlomme føre munnen, og prøve å kaste ein arm, ein fot eller noko anna opp over overflata, viss ein ikkje er svimt av. Viss det er mogeleg å røre på seg etter snøen har stoppa, bør ein lage større rom rundt seg, men likevel røre seg så lite som mogeleg for å spare luft. Varm luft kan føre til at det oppstår eit islag over snøen rundt andletet, og dermed hindre lufttilførsle.

Europeisk snørasfaretabell[endre | endre wikiteksten]

I Europa vert den følgjande skalaen mykje brukt for snørasfare. Dei fleste snøras som har tatt liv i Frankrike har oppstått når farenivået har vore 3 og 4. I Sveits oppstår dei fleste dødelege snørasa når nivået er 2 og 3. Ein meiner at dette kjem av at folk i dei to landa har forskjellig oppfatning og tolking av farane.

Fare nivå Snøstabilitet Fare for snøras
1 - Låg Snøen er generelt svært stabil Snøras er usannsynleg bortsett frå når ein får ekstra tyngd (2) oppå snøen i svært bratte skråningar. Ein vil berre få små snøras. I hovudsak er dette trygge forhold.
2 - Avgrensa I enkelte bratte skråningar er snøen berre moderat stabil (1). Andre stader er den svært stabil. Snøras kan utløysast når ein får ekstra tyngd (2) oppå snøen, særleg i bratte skråningar. Store spontane snøras oppstår ikkje.
3 - Middels I mange bratte skråningar (1) er snøen berre moderat eller svakt stabil. Snøras kan utløysast sjølv om ein berre får ei lett tyngd (2) oppå snøen. I enkelte skråningar kan ein få middels eller til og med ganske store spontane snøras.
4 - Stor Snøen er ikkje særleg stabil i dei fleste bratte skråningar (1). Snøras er sannsynleg i mange skråningar sjølv om ein berre får ei lett tyngd oppå snøen (2). Enkelte stader kan ein få store snøras.
5 - Svært stor Snøen er generelt ustabil Sjølv i slake skråningar kan ein få store spontane snøras.

(1) Stabilitet:

  • Generelt skildra i meir detalj under «Årsak»-seksjonen over.

(2) ekstra tyngd:

  • stor: to eller fleire skigåarar eller snøbrettkøyrarar utan avstand mellom seg, ein enkel fotturist eller klatrarar eller ein prepareringsmasking.
  • lett: ein enkel skigåar eller snøbrettkøyrar, eller ei gruppe med minst 10 m mellom kvar person, eller ein enkelt person på truger.

Gradient:

  • slak skråning: med vinkel mindre enn 30°.
  • bratt skråning: med vinkel over 30°.
  • svært bratt skråning: med vinkel over 35°.
  • ekstremt bratt skråning: med vinkel over 40º.

Europeisk tabell for storleiken til snøras[endre | endre wikiteksten]

Storleik Lengd Potensiell skade Fysisk storleik
1 - Utgliding Lite snøras som ikkje kan gravlegge ein person, sjølv om det kan føre til fall. Relativt ufarleg for folk lengd <50 m
volum <100 m³
2 - Lite Stoppar i skråninga Kan gravlegge, skade og ta livet av ein person. lengd <100 m
volum <1000 m³
3 - Middels Går til botn av skråninga Kan gravlegge og øydelegge bilar, skade lastebilar og øydelegge små bygningar eller knekke tre. lengd <1,000 m
volum <10000 m³
4 - Stort Kan gå minst 50 m over flate område (mykje slakare enn 30°) og nå botn av dalen. Kan gravlegge og øydelegge store lastebilar og tog, store bygningar og skogområde. lengd >1,000 m
volum >10000 m³

Snøras i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Eit såkalla stort snøskredår skjer gjennomsnittleg kvart 13. år, med 10 – 20 dødsfall og 100 – 200 mill. kr. i materielle skadar. Siden midt på 1800-talet har ca. 1550 menneske omkome i snøskred i Noreg, ifølge NGIs informasjonssider om skred og skredfare[4] I Noreg er det frå historisk tid registrert omkring 1500 snøskredulukker med til saman over 2150 omkomne. Største tettleik av store skred er det i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, i Hordaland og Troms er det og mange skred. Etter 1900 har alle fylka bortsett frå Oslo, Østfold og Akershus hatt skred med omkomne.[5]

Kvart år omkjem gjennomsnittleg tre til fem personar i Noreg i snøskred. Den verste ulykkesvinteren i nyare tid var 1986, då 22 menneske mista livet i snøskred. Av desse var 16 soldatar i Vassdalen-ulukka i Nordland, under ei militærøving.

Snøskredulukkene i Lofoten og Vesterålen 1956 var fleire snøskred 7. mars 1956 som tok totalt 21 menneskeliv. I 1979 var det 11 dødsfall i Norge som følgje av snøskred, og 48 personar vart tekne skred. Samtidig vart 109 våningshus eller driftsbygningar og 161 hytter og anleggsbrakker treft av snøskred.

Vinteren 2010/2011 var den verste snøskred-vinteren på 25 år, med 13 omkomne før utgangen av april. Dei mange dødsulukkene skuldast ein kombinasjon av spesielle vêrtilhøve og ein ny type friluftsliv der mange menneske oppsøker bratt terreng for å køyre på ski eller med snøscooter, ifølgje snøskredekspertar.

«Ulukkesnatta» 6.februar 1679 gjekk det mange store snøras på Nordvestlandet (hovudsakleg Sunnmøre). I Valldal vart elva oppdemt av skred ovanfor Sylte som vart rasert då elva braut seg nytt far, prestegarden og kyrkjegarden vart vaska på sjøen. Berre i Norddal kommune omkom 70 personar, i Geiranger, Sunnylven, Sykkylven, kring Hjørundfjorden og andre stader omkom titals menneske. Til saman omkom 140 i snøskred denne natta.[5] Presten Claus Hansen Gaas ga i 1681 ut eit «klagedikt» om katastrofen.

Furseth[5] laga denne oversikten over dei største einskilde skredulukkene i Noreg i historisk tid:

skred dato stad omkomne
Kletthamranskredet 12.februar 1868 Oppdal, Sør-Trøndelag 32
Brekkefonna 6.februar 1679 Norangsdalen, Møre og Romsdal 28
Valsetskredet 6.februar 1679 Bondalen, Møre og Romsdal 27
Otålaulukka 1.januar 1770 Hjørundfjorden, Møre og Romsdal 27
Steineulukka 8.mars 1906 Vestvågøy, Nordland 19
Sætrefonna 31.februar 1846 Sunnylven, Møre og Romsdal 18
Vassdalen 5.mars 1986 Narvik, Nordland 16
Skredbukta 7.mars 1956 Sortland, Nordland 14
Nordbergulukka 12. mars 1912 Skjåk, Oppland 13
Reinsvoll 24.februar 1761 Karlsøy, Troms 12

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • McClung, David and Shaerer, Peter: The Avalanche Handbook, The Mountaineers: 1993. ISBN 0-89886-364-3
  • Tremper, Bruce: Staying Alive in Avalanche Terrain, The Mountaineers: 2001. ISBN 0-89886-834-3
  • Mercado, Emily: 3x3 Bergverlag Alive in Avalanche Rother
  • Munter, Werner: 3x3 Lawinen, Bergverlag Rother 2002. ISBN 3-00-010520-4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 1. desember 2013 
  2. http://snl.no/skred
  3. Aasen, Ivar: Norsk ordbog med dansk forklaring. Udgiven af Vestmannalaget, 1918. 4. utgave. Kristiania: Cammermeyer Utgave.
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. desember 2011, henta 2. februar 2013 
  5. 5,0 5,1 5,2 Furseth, Astor (2006): Skredulykker i Norge. Tun forlag.