Snøstorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brå snøstormar kan føre til store øydeleggingar.

Ein snøstorm er eit kraftig vinteruvêr med låge temperaturar, kraftig vind og kraftig snøfall. Snøstormar kan ein òg ha dersom det ikkje snør, men ligg mykje (helst tørr og lett) snø på bakken.

Meteorologane i Noreg brukar ikkje uttrykket snøstorm, fordi det er vanskeleg å kome fram til eintydig definisjon på kva snøstorm er. Uttrykket vert ofte misbrukt av media for å skildre store vinteruvêr med både svak og kraftig vind, og ofte er ikkje desse uvêra innanfor kriteria som er oppretta av lokale vêrbyrå eller styreorgan. Truleg kjem omgrepet «snøstorm» av det engelsk ordet «snow storm», som ikkje har noko med vindstyrken å gjere. På engelsk tyder uttrykket vedvarande kraftig snøfall. «Storm» vert oftare brukt på engelsk om meir alvorlege vêrsituasjonar (til dømes er torevêr på engelsk «thunder storm»). Det me på norsk omtalar som snøstorm, kallar dei «blizzard» på engelsk. Det nokon kallar snøstorm i Oslo, er ikkje nødvendigvis det same i Nord-Noreg.

Snøstormar oppstår ofte når eit høgtrykksystem i form av ein høgtrykksrygg vekselverkar med eit lågtrykk. Dette fører til adveksjon av luft frå høgtrykket og inn i lågtrykket. Styrkeforholdet mellom dei to trykksystema (trykkgradientkrafta) avgjer kor kraftig vinden mellom systema vil bli.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det ikkje ein definisjon av ordet snøstorm, og verken Meteorologisk Institutt eller StormGeo bruker uttrykket. Dette kjem av at det er vanskeleg å kome fram til ein einskapleg definisjon sidan folk på forskjellige stader av landet har forskjellig oppfatning av kva som vert rekna som ein snøstorm. Det som folk vil kalle ein snøstorm i Oslo kan vere noko heilt anna enn det folk vil kalle ein snøstorm i fjellet eller i Nord-Noreg.

I Nord-Amerika har ein derimot definisjonar på snøstorm, men her er dei òg mykje meir plaga av denne typen uvêr enn i Noreg. Snøstormar, kalla blizzard, oppstår oftast i det nordaustlege USA og langs kysten av Canada, men òg her finst det fleire forskjellige definisjonar. I hovudsak må vêret oppfylle fleire vilkår for å verte kalla ein snøstorm: Ein må ha nedsett sikt til om lag 400 m, ein må ha nedbør som snø eller is, og ha vind på minst stiv kuling (meir enn 14 m/s) i minst 3 samanhengande timar.

Ein anna definisjon vert brukt i indre område av Canada der ein snøstorm må ha vind på minst liten kuling (meir enn 12 m/s), ha snøfall eller snøfokk, sikt mindre enn 1 km, ein vindavkjølingseffekt lågare enn −25 °C, og alle desse kriteria må vare minst 3 timar eller meir.

Når alle desse vilkåra framleis er til stades etter det har slutta å snø, kallar ein det ein «bakkesnøstorm».

Ein ekstrem form for snøstorm vert på engelsk kalla «whiteout» der nedvindar i lag med snøfall vert så kraftig at ein ikkje kan skilje bakken frå lufta. Folk kan raskt miste retningssans, og det er svært farleg for flytrafikk som kan ha store problem med å navigere fram til flyplassen, i tillegg til at store mengder is kan samle seg på vingene.

Klimatologi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ein ikkje bruker uttrykket her til lands, kan ein få snøstormliknande tilstandar òg i Noreg, særleg i samband med polare lågtrykk. Elles oppstår som regel kraftige snøstormar i samband med polare syklonar, og nordaustlege område av Nord-Amerika er eit ynda område for slike uvêr. Her møtes ofte svært kald luft frå dei indre områda av Canada varmare luft frå Golfstraumen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snøstorm