Snøugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøugle


Bubo scandiacus2.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Bubo
Art: 'B. scandiacus'
Vitskapleg namn
Bubo scandiacus
utbreiing = arktiske strøk rundt heile den nordlege halvkula, habitat = opne område langs kysten, på tundraen, og i fjellområde over tregrensa

Snøugla (vitskapleg namn Bubo scandiacus, tidlegare Nyctea scandiaca) er ei ugle som held til i arktiske strøk, og som er kategorisert som sårbarnorsk raudliste 2006. Storleiken på bestanden er ikkje kjent, men det er ein sjeldan art. Dei største populasjonane finn ein i Sibir og Alaska. Norden er heilt i utkanten av utbreiingsområdet. Snøugla er kledd i kvit fjørdrakt, og av vekst er ho ein av dei største ugleartane. Ho har eit svært godt syn og kan sjå ei mus som rører seg på meir enn éin kilometers avstand. Arten vart klassifisert av Carl von Linné i 1758, og det vitskaplege namnet refererer til Skandinavia.

Snøugle

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Snøugla er ein av dei største ugleartane. Fullvaksne fuglar måler cirka 50–65 cm og veg 1–2,5 kg. Hofuglane veg i snitt cirka 2,3 kg og er noko større enn hannfuglane som har ei gjennomsnittsvekt på rundt 1,8 kg. Vengespennet er på omtrent 1,5 meter.

Hannen har ei heilt kvit fjørdrakt, eller kvit med enkelte svarte flekkar. Fjørdrakta til hoa er kvit med mørkebrune flekkar. Ho er heilt kvit berre øvst på brystet, i nakken, og i fjeset. Flekkane er avlange, ligg horisontalt og gir drakta ein spraglete utsjånad som gir fuglen god kamuflasje når ho ligg mellom framskotne steinar på bakken. Fjørdrakta dekkjer au føtene og klørne. Ungfuglane har kraftigare flekkar enn dei vaksne fuglane, og kan vera nesten heilt brune. Når dei vert klekte er ungane dekte av kvit dun, som vert gråare etter nokre dagar.

Klørne er krumme, 25–35 mm lange, og er nesten skjult av fjør. Nebbet er smalt og krumt, og omtrent dekt av fjør. Fargen på nebbet er svart.

Fjøra ytterst i vengen har ein ujamn ytterkant. Oversida av vengene har ein hårliknande mikrostruktur. Han reduserer støyen når lufta passerar over vengen. Dette gjer at snøugla kan fly svært stille, for menneskeøyret praktisk talt lydlaust.

Auga er store og gule. Storleiken gjer dei følsame for lys i mørket, noko som gir snøugla godt nattesyn. Mange trur at uglene er blinde i dagslys, men det er ikkje tilfelle. Dei ser like godt om dagen som om natta. I motsetnad til auga til mange andre fugleartar som er retta mot sidene, er auga til snøugla framovervendte. Dette gjer ho god til å fastslå avstandar. Snøugla kan ikkje røre auga i augehola, men til gjengjeld kan ho dreie heile hovudet 270 grader til kvar side. Det ytre øyret er lite utvikla og vanlegvis dekt av fjør. Det tyder ikkje at ho høyrer dårleg. Ho har tvert imot god høyrsle og kan lokalisere byttedyr som er skjult av snø eller vegetasjon berre ved hjelp av høyrsla.

Snøugla er stort sett stille, men har ein revirsong som ein kan beskrive som er eit kort, dumpt og litt stønnande «hooh», og som blir gjenteke med nokre sekunds mellomrom. Revirsongen kan høyrast opp til 10 km unna. Snøugla har au ein varsellyd. Varsellyden til hannen er eit bjeffande «kræk-kræk-kræk», hoa si varsling er grovare og høgare i tonen. Eit gjennomtrengande og fløytande skrik «siiuue» blir både bruka av hoa og dei tiggande ungane.

Den eldste viltlevande snøugla som er registrert vart cirka 10 år gamal, den eldste i fangenskap vart 28 år.

Bestand[endre | endre wikiteksten]

På grunn av at snøugla flyttar seg over store område er det vanskeleg å talfeste bestanden. Det er ingen tvil om at det er ein sjeldan art, og at ein finn dei største populasjonane i Sibir og Alaska. Bestanden varierer truleg i takt med bestanden til det viktigaste byttedyret, som er lemen. Dette gjeld spesielt i Norden, der ein kan oppleva ein «invasjon» av snøugler frå Russland i gode lemenår.

Ein meiner at det hekkar opp mot 1000 par i Russland, i Nord-Amerika nokre fleire. I Finland, Sverige, Noreg og Island kan det hekke nokre titals par til saman i gode lemenår, andre år kan Norden vera heilt utan hekkande snøugler.

Vaksne snøugler har få naturlege fiendar, men kan verte tatt av rev eller ulv. Reira kan verte plyndra av rev eller måker som er ute etter egg og kyllingar.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Snøugla trivst best i opne område opp til eit par hundre meter over havet. Enkelte stader, spesielt i Noreg, kan ho au hekke i opne fjellområde opp til omtrent 1000 meter over havet. I motsetning til dei fleste andre ugleartane er snøugla dagaktiv. Eigentleg er ho mest aktiv i grålysninga og i skumringa, men ho lever i arktiske strøk der det er lyst døgnet rundt i sommarmånadene og har tilpassa seg desse forholda.

Snøugla forflyttar seg over store område i arktiske strøk. Ho har inga faste trekkruter, men held seg der det er best tilgang på mat. Ho vandrar ikkje berre i samband med hekkinga, men kan leva eit nomadeliv heile året. Normalt vandrar ho i aust–vestretning, men i år med liten lemenbestand kan ho au trekkje sørover. Da kan ho flytte seg over store avstandar på jakt etter mat. Det er spesielt ungfuglane som trekkjer langt, og dei som trekkjer lengst sørover i Europa kjem så langt sør som til Danmark, Shetlandsøyane og Hebridane. I Amerika er snøugla sjeldan sør for Canada, men enkelte streiffuglar har blitt observert i Texas og Florida. I Asia har snøugla blitt observert så langt sør som i Kina.

Når snøen går om våren har snøugla ein tendens til å opphalde seg på dei siste snødekte områda så lenge som mogleg. Det er usikkert om det er på grunn av at den lyse farga gir best kamuflasje mot snøen, eller om det er fordi ho føretrekk å vera på dei mest kjølige stadene. I varmt vêr regulerer ho kroppstemperaturen gjennom andedrettet, eller ved hjelp av vengene. Eit tjukt dunlag dekt med fjør over heile kroppen, au på beina, gir snøugla ei god varmeisolering. Ho opprettheld ein kroppstemperatur på 38–40 °C sjølv når lufttemperaturen går ned mot −50 °C. I sterk vind hender det likevel at ho søkjer ly bak ein stein eller ein snøskavl.

Snøugla lever aleine utanom hekketida. Ho er sky, og vanskeleg å komma innpå. Når ho er på gjesteopptreden langt sør for hekkeområda er ho mindre sky enn nordpå, der ho kan lette på fleire hundre meters avstand viss ein prøver å nærme seg. Forsvarsmekanismen til ungane ved rovdyrangrep er å spela døde, stivne og sjå ut som at dei har vore døde lenge. Dette er eit forsvar mot reven, som føretrekk levande byte. Snøugla kan vera svært aggressiv viss ho må forsvare reiret.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Snøugla er ein rovfugl. Ho et helst lemen. Når det er mangel på lemen kan ho au ta andre gnagarar som fjellrotter, markmus, og hare. Ho et au fisk, og forskjellige fuglearter som til dømes rype. I hekkesesongen kan ho ta egg frå andre fugleartar, blant anna svaner. I naud et ho au åtsel. Ein vaksen fugl treng tre–fire lemen per dag for å dekkje matbehovet. Dette svarar til sju–tolv mus. Ved god tilgang på mat kan ho eta mykje meir, i løpet av ein enkelt dag er ho i stand til å eta inntil ti–tolv lemen, og i løpet av eit år kan ei snøugle setta til livs 1600 lemen.

Sjølv om snøugla er dagaktiv og jaktar mest i dagslys kan ho au jakte om natta. For det meste jaktar ho ved å sitta på ein topp der det er god utsikt og speide etter byttedyr, men ho kan au sjå etter bytte når ho flyr lågt over terrenget. Ho er nesten heilt lydlaus i flukt, sjølv vengeslaga lagar svært lite lyd. Når ho har fått auge på eit bytte kan ho fange det på bakken, ta det i lufta, eller snappe det opp frå vassflata. Der bakken er dekt av snø eller tett vegetasjon bruker snøugla høyrsla til å lokalisere byttedyret før ho stupar ned og grev det fram.

Snøugla har ikkje tenner, små bytte blir slukte heile. Større byttedyr blir frakta vekk og rivast opp i mindre deler som bli sluka enkeltvis. Ho har sterk magesyre som bryt ned byttet, men rask fordøying så ho rekk ikkje å fordøye bein, hår og fjør. Av dette dannar ho harde kuler – gulpebollar – som ho gulpar opp og spyttar ut. Ungane blir fôra med kjøttstykke som er fri for bein og fjør.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Hosnøugle med unge

Snøugla blir kjønnsmoden i toårsalderen. Ho lever normalt i eit monogamt parforhold heile livet. Hekkinga, som varer frå mai til september, føregår på tundraen eller i vidstrakte og småkuperte fjellområde over tregrensa. Snøugla byggjer ikkje reir, men grev ei lita grop i bakken som ho legg egga i. Egga blir lagt i mai–juni, over ein periode på to–tre veker. Det blir derfor stor forskjell mellom ungane i eitt og same kull.

Snøugla er svært spesialisert, og hekkar berre der det er god tilgang på lemen. Normalt legg hoa 5–8 egg, men talet avheng av kor god tilgang det er på mat. I år med mange smågnagarar kan ho leggje opp til 12 egg, men i år med lite lemen kan snøugla heilt la vera å leggje egg. Det er berre hoa som rugar og matar ungane. Oppgåvene til hannen er å skaffe maten, og å halde vakt mot rovdyr. Viss egg eller ungar står i fare for å bli angrepet viser begge foreldra seg som fryktlause forsvararar, og forsvarar reiret til og med mot så store rovdyr som ulv. Egga blir klekt etter ei rugetid på 30–35 dagar. Ungane flyttar seg utanfor reiret så snart dei kan gå. Då er dei 12–20 dagar. Dei lærer å fly når dei er cirka 35 dagar gamle. Deretter treng dei eit par vekers trening før dei blir gode flygarar. Snøugla tar seg av ungane til dei er omtrent 10 veker gamle.

Freding[endre | endre wikiteksten]

Snøugla er freda i Noreg, og har vore det sidan 1965. Ho er rekna som ein sårbar art, men ikkje direkte utryddingstrua. Ein av dei største truslane mot snøugla er faunakriminalitet. På grunn av at det har vore mogleg å selje utstoppa snøugler til høge prisar har det vore drive ulovleg jakt, og snøugla har vore nær ved å bli utrydda i Europa.

I Alaska er det tillate å skyte uavgrensa med snøugler på vilkår om at dei skal bli bruka til å laga mat eller klede, felling for sal er ikkje tillate.

Andre artar[endre | endre wikiteksten]

Det finst over 200 artar ugler. Ti ugleartar lever og hekkar i Noreg, det er haukugle, hornugle, hubro, jordugle, kattugle, lappugle, perleugle, slagugle, snøugle og sporveugle. I tillegg har enkeltindivid av dverghornugle, kyrkjeugle og tårnugle blitt observert i Noreg nokre gonger.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Verdens dyreliv. Damm forlag, 2002. ISBN 82-496-0037-1
  • Jacobsen, Karl-Otto. Snøugle (Bubo scandiacus) i Norge : hekkeforekomster i perioden 1968-2005. NINA, 2005. (NINA rapport ; 84). pdf-versjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snøugle