Snarøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarøya
halvøy
Snarøykilen ein maikveld.
Foto: Jan Fredrik Breivik
Land  Noreg
Kart
Snarøya
59°52′44″N 10°36′29″E / 59.879°N 10.608°E / 59.879; 10.608
Wikimedia Commons: Snarøya
17. mai-tog på Snarøya i 2011.
Foto: Jan Fredrik Breivik
Ungdomsskulen på Hundsund grendesenter.
Foto: Kjetil Ree
Snarøya skule, 17. mai 2011.
Foto: Jan Fredrik Breivik
31 Snarøya-bussen, frå Grorud, gjennom Oslo.
Foto: Jan Fredrik Breivik

Snarøya (tidlegare Snarøen) er ei halvøy i indre Oslofjord i Bærum kommune i Akershus. Til Snarøya reknar ein no også Halden og Langodden, og grensa går mellom nye Fornebu og det som tidlegare heitte Rolfsøya. Namnet kan koma frå snar ('kratt, småskog') eller at ho var ein snarveg over isen og inn til  Oslo i mellomalderen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet var Snarøya ei øy, avgrensa av det som i dag er Snarøykilen og Hundsundet. Dette var det opphavlege sundet mellom Snarøya og fastlandet, som seinare er vorte fylt igjen.

På 1600-talet vert «Snarøen gård» omtalt i skriftlege kjelder som ein gard som tilhøyrde krona, med Jon Snarøen som brukar av garden frå 1612 til 1640. Teologen Christian Kølle åtte garden mellom 1770 og 1803. Ved sidan av gardsdrifta dreiv han òg pensjonatskole for gutar frå høgare sosiale lag.

Valentin Fürst kjøpte garden i 1867 og skipa Snarøen Høvleri (Snarøen Bruk).[1] Dette sagbruket var verksamt til 1907, og tomtene vart deretter utparsellerte til særleg hyttetomter. I 1923 vart garden kjøpt av visekonsulen, målaren og seinare møbelsnikkaren Mario Caprino, og han har vore tilhøyrt denne familien sidan. Filmstudiet til sonen Ivo Caprino vart oppført i to byggetrinn, i 1952 og 1962.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Snarøya er etter kvart vorte eit tett utbygd strøk, i hovudsak av bustader og rekkehus, med innslag av bustadsblokker på Rolfstangen frå tidleg på 1950-talet, og dessutan nyare blokkbusetnad. Snarøya har mange populære badeplassar, blant anna Rolfstangen og Halden Brygge. Like utanfor fastlandet på Snarøya ligg Vassholmene. Ytre Vassholmen har naturreservat på sørspissen, og friområde med utleigehytte knytt til seg Kystleden og brygger for allmugen. Indre Vassholmen er bustadsområde med om lag 20 fastbuande, og har ingen offentlege brygger. Snarøya er òg endehaldeplass for bussrutene 31 (Snarøya – Grorud) og 733 (Snarøya – Rykkinn).

Snarøya har i dag to skular, ein barneskule og ein ungdomsskule. Barneskulen, Snarøya skule, skulle stå ferdig i 1956, men på grunn av ulike vanskar kunne ein ikkje ta han i bruk før 1958.[2] Skulen har i dag ca. 400 elevar.[3] Ungdomsskulen, Hundsund grendesenter, vart teken i bruk i 2008 og har ca. 230 elevar.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liv Frøysaa Moe – Bærum kommune. «Snarøen Hovedgård». snaroenvel.no. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 30. november 2012. 
  2. Arnljot Eggen (1960). «Snarøya skole etter brukstiden». Snarøya, før og nå. Asker og Bærums Budstikkes trykkeri. s. 128.  [Man håpet at skolen skulle være ferdig til november 1956, men på grunn av forskjellige vanskeligheter, kunne den ikke tas i bruk før 15. januar 1958]
  3. ableksikon.no (5. januar 2011). «Snarøya skole». Asker og Bærums Budstikke. Henta 7. mai 2011. [daud lenkje]
  4. «Ungdomsskolen». HUGS.no. Arkivert frå originalen 28. august 2009. Henta 8. mai 2011.