Snaufjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snaufjell i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.

Snaufjell er fjellområde som ligg over tregrensa.

Snaufjellet har ein eigen fauna som er tilpassa det harde klimaet og skrinne jordsmonnet. Snaufjellet har, som namnet fortel, ingen høg vegetasjon. Vegetasjonen er avgrensa til mose, lyng, dvergbjørk, gras og andre kortvaksne, vêrharde planter og organismar, som lav. Pattedyr som er tilpassa klimaet inkluderer moskus, rein, fjellrev og smågnagarar som mus og lemen. Fuglefaunaen inneheld mellom anna snøsporv, snøugle og fjellrype.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]