Snells lov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snells lov (også kalla brytingslova) definerer kva som skjer når ei bølgje passerer ei grenseflate mellom to medium med ulik bølgjefart eller brytingsindeks. Lova seier at n1sinθ1 = n2sinθ2, der n1 og n2 er brytingsindeksen til høvevis medium 1 og 2, og θ1 og θ2 er høvevis innfallsvinkelen og brytingsvinkelen. Lova gjeld for alle slags bølgjer, men er gjerne mest kjend når det gjeld lysbryting. Normalen på grenseflata der bølgja treff vert kalla innfallsloddet.
- Snells lov i Caplex